Setesdal

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Solnedgang over Setesdal. Byglandsfjorden og Setesdal sett mot nord frå Horgeknipen mellom Senum og Horverak på vestsida av fjorden.
Nord for Byklestigen, langs Bykil, er Setesdalen mest som eit trangt gjuv.

Setesdal er dalføret langs Otravassdraget. Dalen har utspring i Bykle, lengst nord i Agder fylke, og i landsdelen Sørlandet. Riksveg 9, Setesdalsvegen, går frå Kristiansand i sør, opp gjennom heile dalen til han møtar E134 ved Haukeli i Telemark i nord.

Namnet

Første gong ein trur Setesdal er nemnt i kjende historiske kjelder, er i den islandske Landnàmboki. Her er Hallvard Sugandi omtalt. Han for frå «Setrum» til Island etter slaget mot Harald Hårfagre ved Hafrsfjord.[1] Rett nok heiter det i Landnàmboki at Hallvard var frå Hordaland. Men professor Bull (Setesdalen, 1919) meiner det bygger på ei mistyding av geografien. Om det er rett, eller om Hallvard faktisk var frå Hordaland, er vel ikkje sikkert slått fast. Men noko seinare, på Magnus Barfot si tid på 1100-talet, levde ein Hårek av Setrum. Han må i følge professor Bull ha vore ein veldig fornem mann, av høvdingætta i Setesdal.

Setr eller Setrum skal ha vore ein gamal gard i Valle. Nøyaktig kor han låg er ukjent. Men det skal i alle høve ha vore nordanfor Besteland.[2]. Folketradisjonen langt tilbake i tid skal ha vore at «Setr» låg der garden Løyland nå er.[3] [4] Ein annen teori er at høvdingætta i Setrum budde der garden Rike seinare kom; gardsnamnet tyder «herredømet, riket».[5] I Jol i Setesdal (1973) har Hallvard Løyland sett fram ein teori om at «setr» stammar frå det gamle ordet «sete». Med setr, ein sete, meinte dei i gamle dagar ei flate litt høgt oppe. Ut frå ulike forhold meiner difor Løyland også at dei første som slo seg ned i Valle-bygda truleg reiste heimen sin på seten der Rike i dag ligg. Denne heimen – heimen til storbonden – fekk då namnet Setr på gamalnorsk. Juel Lund syner (1944) til at namnet Sæstad, frå det gamalnorske Sætrstadir, er i bruk i Tveitebø i Valle. Den gjeve garden må difor ha ligge der.[6] Uansett er både garden og namnet for lengst borte. Men ein gard som har gitt namnet sitt til ein dal, kan ikkje ha vore nokon liten gard.

Tilbake i mellomalderen (Magnus Lagabøtes Landslov frå 1270-åra), var «Sæthre» (eller «Sættre») namnet på området som svarte til Valle prestegjeld, medrekna Bykle sogn. Området nedanfor, Bygland prestegjeld, blei kalla «Otrudal» eller «Otradale», etter Otra-elva. Nokon meiner at Setesdal på denne tida heller ikke omfatta dei øvste delane av Bykle, fjellgardane Hovden, Breive og Bjåen. Etter dette synet eksisterte ikkje Setesdal her lengst nord før etter 1939, då namnet kom med vegen som endeleg var framme på Hovden.[7]

I det 15. og 16. århundre vart «Sætr» og «Sætrsdal» brukt om kvarandre. I det 17. århundret skauv grensa for Setesdal seg så sørover til Bygland. Ein brukte då omgrepa Øvre- og Nedre Setesdal. Dalen frå Evje og sørover blei rekna for Otradalføret. Det gjekk ei ganske tydeleg «kulturgrense» om lag der Byglandsfjord er i dag, mellom det «eigentlige» Setesdal og dei ytre bygdene, «utmannbygdene» som dei «ekte» setesdølene helst kalla bygdene sør for Bygland.[8] Folka her var «blåmenner»; dei gjekk blåkledte, dvs. ikkje i bunad.[9]

Distriktet Setesdal

Nokon meiner at heile dalføret frå Bykle til og med kommunane Iveland og Evje og Hornnes høyrer til Setesdal.[10] Meir enn 50% av fylket sitt areal høyrer til Setesdalskommunane. Området var tidlegare ein del av distriktet Råbyggelaget i Agder, på den tida kystområda gjekk under namnet Agdesiden. Iveland kommune inngår i dag, når det gjeld politisk organisering, i Kristiansandregionen, som omfattar landsdelshovudstaden Kristiansand med omland.

Distriktet Setesdal omfattar med det dei fire kommunane Valle, Bykle, Bygland og Evje og Hornnes[11], med 7 215 innbyggarar (pr. 31. desember 2022)[12] og 4 595 kvadratkilometer.[13] Regionsenteret er tettstaden Evje, med 2 506 innbyggarar pr. 1. januar 2021. Andre tettstadar i dalen er Byglandsfjord (333 innb.) og Hovden (410 innb.).[14]

Alle kommunane har eigne slagord.

Nokre avstandar[15]

Ose ligg sentralt plassert midt i Setesdal.
  • Haukeli - Hovden 27 km
  • Hovden - Bykle 28 km
  • Bykle - Valle 27 km
  • Valle - Rysstad 15 km
  • Rysstad - Ose 26 km
  • Ose - Bygland 18 km
  • Bygland - Byglandsfjord 23 km
  • Byglandsfjord - Evje 11 km
  • Evje - Hornnes 4 km
  • Hornnes - Kristiansand 58 km

Administrative inndelingar

Setesdal interkommunalt poltisk råd (Setesdal regionråd)

Dei fire setesdalskommunane Bykle, Valle, Bygland og Evje og Hornnes saman med Åseral samarbeider i Setesdal interkommunalt politisk råd (tidligere Setesdal regionråd).

Setesdal næringsregion

Distriktet utgjer Setesdal næringsregion, saman med Iveland.

Kyrkja

I Den norske kirkes geistlege inndeling av landet finnast Otredal prosti under Agder og Telemark bispedømme som omfattar desse kyrkjelege fellesråd og sokn langs Otra:

Vennesla kommune

Iveland kommune

Evje og Hornnes kommune

Evje kyrkje.
Foto: Geir Daasvatn

Bygland kommune

Valle kommune

Bykle kommune

Politiet

Politiet i Setesdal er organisert i Setesdal politistasjonsdistrikt under Agder politidistrikt. Driftseininga omfattar Valle og Bykle politistasjon, med Dag Hovden som tenestestadleiar, og Bygland, Evje og Hornnes politistasjon, med Sigurd Langeid som politistasjonssjef.[16] [17]

Rettsvesen

Distriktet høyrer til rettsområdet for Kristiansand tingrett under Agder lagdømme.

Sætersdalens fogderi

Distriktet inngjekk i det tidlegare Sætersdalens fodgderi.

Natur og landskap

Topografi

Lengst sør i dalen, i Iveland-/Evje og Hornnes-området, er det flate furumoar og noko landbruksjord på begge sider av Otra nede i dalbotnen, og i sidedalen Dåsvannsdalen. Elles er denne delen i hovudsak fylt opp av heiedrag både på aust- og vestsida av hovuddalføret. Heiene er ikkje særleg høge; dei ligg mykje mellom 300–600 moh., og dalsidene er slakare enn lenger nord i dalen. Det høgaste fjellet er Midtstrandnuten på vestsida av Byglandsfjorden, 790 moh.

Nord for Evje og Hornnes ligg Byglandsfjorden i dalbotnen, ca 200 moh., og fjella stig brattare opp. På begge sider nede langs fjorden, men særleg på austsida, er det god morenegrus og leirjord. Saman med fjella rundt, som vernar for nordavinden og gjer det varmt og lunt nede i dalbotnen sommarstid, lagar dette gode vekstvilkår for plantelivet. Grendi, Longerak og Lauvdal er gode landbruksbygder langs austsida av fjorden på veg nordover mot Bygland. På austsida av dalen er det stort sett heieområde, der størstedelen ligg rundt 700 moh. Området er prega av mange vatn og vassdrag. Også i vest er det heieområde. Lendet her er noko høgare enn på austsida. Reinshornheii (1162 moh.) i Setesdal Vesthei er høgaste fjellet i Bygland kommune.

Ny parsell av Riksveg 9 mellom Tveit og Heggland nord i Bygland kommune.
Foto: Reidar Tveito

Etter Bygland og Storstraumen kjem Åraksfjorden, som er ei forlenging av Byglandsfjorden. På vestsida av fjorden, ved Ose, stuper den kjente Reiårsfossen nedover fjellsida. Ved Rysstad vidar dalen seg ut til ei stor slette. Sør for Rysstad har Setesdal ein typisk U-profil. Men mellom Rysstad og Valle knip han seg saman, med høge og bratte fjellsider på begge sider. Rett før ein kjem til Valle-bygda sørfrå opnar dalen seg opp igjen, og ---just som en naar op paa høide med fossen (Hallandsfossen) vider dalen sig ut og i dens brede skjønne fang ligger Valle.[18] Heile bygda er som ei stor gryte. På begge sider av dalen ligg store fjellvidder, Setesdal Vesthei og Setesdal Austhei. Vestheiene er høgast, med snaue og trelause vidder. Heiene på austsida er lågare, med bjørkelier og barskog av og til.

Den restaurerte Byklestigen i 2014. Denne trasèen var "hovudvegen" mellom Bykle og Valle frå ca 1770 til ca 1840. I dag går vegen i tunnel gjennom fjellet.
Foto: Geir Daasvatn

Nord for Valle ligg den særmerkte fjellformasjonen Einang. Etter dette blir dalen trongare igjen, og terrenget begynner å stige oppover mot Bykle. Frå den første grenda i Bykle, Bjørnarå, og oppover mot Bykle kyrkjebygd, er naturen framleis typisk setesdalsk med stupbratte fjell på begge sider av dalen. Både på vestsida og austsida av hovuddalføret er det for det meste snaufjell og vidde. Gjennomsnittshøgda over havet på arealet i heile Bykle kommune ligg rundt 750–1000 meter. Ovanfor Bykle kyrkjebygd vidar Setesdalen seg ut, og får meir karakter av vidde. Det er nå slutt på det litt tronge og innestengte landskapet lenger nede i dalen. Her oppe på høgfjellet, heilt nord i Bykle og på toppen av Setesdal, ligg Sæbyggjenuten (1507 moh.), som er det høgaste punktet i Aust-Agder. Otra, som renn gjennom heile Setesdal, har utspring nord for Hovden.

Isen forma landskapet

Eit mønster av sprekkar, knusingssoner, forkastingar, ulik motstandskraft i bergartane og lagstrukturar i fjelloverflata var utgangspunkt og «angrepsliner» for dei seinare nedbrytande krefter; forvitring og erosjon av is og vatn. Samen med landoverflata si helning mot sør-aust gav dette grunnmønsteret i landskapet, med dalar, sjøar og fjellområde. Istidene dei siste 2,6 millioner år meisla så ut dette landskapet meir i detalj, til dei fjell og dalar vi ser i dag.[19]

Setesdal er innom fleire ulike bruddsoner i fjellgrunnen undervegs, med ulike retningar. Difor har dalen i dag mange brå svingar, og nokre stader er han ganske smal og trong. Dalen har eit U-formet tverrsnitt, tydeleg utforma av isbrear. Lengdeprofilen er ujamn, med fordjupingar og fjelltersklar imellom. Byglandsfjorden og Åraksfjorden er slike fordjupingar som er laga av iserosjon. Dalen er djupt nedskoren i landskapet. Det er bratt stigande terreng opp mot fjellområda på begge sider; Setesdal Vesthei og Setesdal Austhei. Desse terrengforholda har skapt eit stort potensiale for utnytting av vasskraft, spesielt i dei øvre delar av Setesdal.[20]

Då isbreane trakk seg tilbake, vart det liggande igjen store mengder lausmassar, spesielt morene. Nede i dalbotnen ligg det store mengder bunnmorene. Dette er gjerne den beste landbruksjorda, og det som blei til dyrka mark og beitemark. Dei store flatene i dalbotnen langs Otra i Valle, Bygland og Evje og Hornnes består mykje av slik morenejord. Da isbreane smelta var det ei enorm vassføring. Store delta og fyllingar av sand og grus blei lagt igjen i dalbotnen. Det er store areal med slike breelvavsetningar i Setesdal.[21] Ofte dannar dei terrassar og flater langs dalbotnen. Furuskog med blåbærlyng er vanleg vegetasjon på desse areala, og furuskogen spesielt i nedre del av Setesdal har til tider vore kjent som noko av den beste furuskogen i landet. Etter at isen smelta bort, var det i ein periode høgare vasstand i Byglandsfjorden og andre stader. Så har Otra sakte men sikkert gravd seg lenger ned i breelvavsetningane, og vasstanden kom ned til dagens nivå.[22] Dalen blei slik vi kjenner han i dag.

Historie

Når dei første menneska kom til landet vet ein ikke. Mange istider har slipt vekk alle spor som måtte vere etter dei. Den siste av istidene nådde ein topp for rundt 18 000 år sidan. Isen lå då som eit skjold over heile Norden pg langt nedover i Europa.

For rundt 10 000 år sidan satte det for alvor inn med varme, og isen smelta gradvis bort.[23] Dei første menneska begynte truleg å vandre i Setesdalsheiene for rundt 9 000 år sidan. Dei kom oppover heiene i Setesdal etter kvart som isen smelta. Jakt og fiske var dei viktigaste gjeremåla. Dei følgde etter reinsdyra langs iskanten medan han flytta seg stadig lenger nordover og oppover til fjells.[24] Lite tyder på at nokon var bufaste. Dei var veidefolk på vandring.[25] Frå ca 2 600 år f.Kr. er det gjort funn som syner at det gjekk husdyr og beita rundt Straumsfjorden i Setesdal Austhei. Frå funn ved Breive i Bykle veit arkeologene at der var det husdyrhald som kan daterast til 2800 f.Kr. Jordbruket så langt tilbake i tid var trulig eit nomadeliv, med svedjebruk. Ein brann skogen og dyrka korn der i 2–3 år, for så å flytte vidare til ein annan stad.[26] Mest truleg var det eit kombinasjonsbruk. Jordbrukaren var også jeger og fangstmann.

Fast busetnad

Trass i desse spora etter menneske høgt opp mot fjellet, er det god grunn til å tru at fast busetnad kom først nede i hovuddalføret, på dei store flatene i Bygland og Valle som bare ligg 200–300 m.o.h.[27] Jordbruket synte seg nok å gi eit tryggare levebrød enn ein rein fangstkultur, og det skjedde ei folkeflytting mot område med lett dyrkbar og grøderik jord. Arkeologiske funn viser kontinuitet i korndyrkinga frå år 1800–1100 f.Kr., og dei eldste spor etter fast busetnad som er gravd ut på Moi i Bygland kan daterast til 1100–500 f.Kr. Mange av dei eldste gardane slik dei lar seg identifisere i dag – «opphavsgårdene» – vart truleg rydda eitt av dei første hundreåra etter at vår tidsrekning tok til. Litt lenger sør, i Evje og Hornnes, meiner ein at den samanhengande gardshistoria går tilbake til det 4. hundreåret e.Kr.[28]

Då dei første fastbuande slo seg til i dalen, var det god plass. Men det budde også folk i nabodalane. Det blei behov for ei grensetrekking mellom dalføra. I hovudsak følgde – og følger – desse grensene vasskilet (langstrengane) oppe i fjellet. Etter kvart blei det fleire bønder i same dalføret. Då måtte eigedomane fordelast meir også innanfor dalen. Det blei fastsett kortare grenser som gjekk på tvers av dei gamle langstrengane mellom dalføra. Andre stader i landet veit forskarane at desse grensene på tvers har kryssa elva i dalbotnen, slik at garden har strekt seg frå langstreng til langstreng. Korleis dette har vore i Øvre Setesdal veit ein ikkje sikkert. Men til dømes kan heile Hylestad ei gong kanskje ha vore ein slik kjempegard.[29]

Ein stad måtte busettinga ta til. Kanskje var utgangspunktet det som vi i dag reknar som grender, som til dømes Nordbygdi (Bykle), Homme (Valle), Hovet (Hylestad), Jordalsbø (Bygland) og Hornnes i Evje og Hornnes. I kvar grend er det gjerne ein opphavsgard. Så skjedde det ei vidare oppdeling i namnegardar. Deretter kom ei vidare oppdeling av gardane i fleire (gards)bruk etter kvart som behovet meldte seg. I Evje og Hornnes, lengst sør i Setesdal, kom denne store garddelinga ved starten av 1600-talet.

Der folkevandringstida (400–570 e.Kr) hadde vore ei oppblømingstid, blei den perioden som følgde etter (merovingertida, 570–800 e.Kr.) heller det motsette.[30]. Mange av gardane som hadde blitt rydda under ekspansjonen i folkevandringstida, blei nå lagt ned igjen. Mot slutten av merovingartida, fram mot år 800 e.Kr., tok forholda til å betre seg og velstanden auka igjen. Det er dokumentert mellom anna av dei mange gravfunna frå vikingtida. Dei mange gravfunna vitnar også om ein sterk auke i folketalet i dalen på denne tida. Busetnaden i vikingtida må ha vore omtrent som han er i dag. Dei beste jordbruksområda nede i dalbotnen var tatt i bruk.[31]

Med auke i folketalet skjedde det ei omforming av det gamle bondesamfunnet, skriv Jansen og Ryningen i Kultursoga for Valle. Medan det før var rikeleg med jord, blei det nå etterspurnad etter jord. Det vart skapt eit lagdelt samfunn, der dei mektigste delte den jorda som var. Etter kvart blei dei svakaste gruppene skyvd nedover på samfunnsstigen, og mektige ætter tok over styringa i bygdene.

I høgmellomalderen kan vi sjå for oss eit ganske tett busett Setesdal. Alle stader der det i dag bur menneske, var det også folk for 700–800 år siden. I tillegg var det bufaste folk i sidedalar og nabodalar.

Svartedauden

Men i seinmellomalderen (1300-talet) kom det nedgangstider, med pest og annan sjukdom som ramma befolkninga hardt. Heiene blei fråflytta, og busettinga konsentrert om dalbunnen. Slik var det til langt ut på 1600-talet, då folketalet igjen tok til å stige.[32]

Frå 1769 til 1865 steig folkemengda i Bygland og Valle ganske jamnt. Det uodde 2 227 menneske i Bygland i 1865, og 2 438 i Valle (inkludert Bykle). Men så kom igjen ein nedgangsperiode framover mot 1910, då folketalet i desse to kommunane var mindre enn 45 år tidlegare. Utviklinga hang truleg saman med ein alminneleg tilbakegang som stort sett alle fjellbygdene i Norge opplevde i denne perioden.[33]

Fånekleiva på den gamle postvegen. Vegen her blei bygd i 1842. Bildet viser kleiva idag.
Foto: Geir Daasvatn

Den første kjerrevegen

I 1840-åra kom det endeleg ordentleg veg oppover i Setesdal; Den Sætherdalske hovedvei. Postvegen er han mykje blitt kalla seinare. Vegen kom fram til Hornnes i 1840, og var ferdig til Valle i 1846. Til Bykle kom han først i 1879. Den nye hovudvegen fekk enorm betydning for samfunnsutviklinga i Setesdal. Det blei mykje enklare og raskare å reise til Kristiansand, og varer kunne fraktast langs landevegen i staden for å måtte kløvjast på hesteryggen.[34] [35] Litt seinare, i 1896, stod jernbane ferdig fram til Byglandsfjord. Som postvegen blei også banen som ei livsnerve i dalen, spesielt i den nedre delen. Transporten blei lettare, og transportkostnadane gjekk sterkt ned. Dei nye grendene og tettstadene Moisund, Evje og Byglandsfjord voks fram rundt jernbanestasjonane. Stasjonar og stoppestader blei sosiale knutepunkt.[36]

Tradisjonsrik kultur

I Setesdal har ein halde fast ved meir av byggeskikken frå mellomalderen, folkekunst og drakter enn dei fleste andre stader. Dalen har óg ein rik tradisjon for segn og folkemusikk og for handverk. Særleg sølvsmedane frå Setesdal er kjende for arbeida sine.[37] Setesdalsmålet har i alle dagar vore oppfatta som spesielt og rotekte.[38] 12. desember 2019 blei setesdalstradisjonen, med dans, spel, kveding og stevjing, tatt opp på UNESCO si representative liste over verdas immaterielle kulturarv. Denne delen av Setesdalskulturen er det første norske elementet på denne UNESCO-lista.[39]

Folketradisjonen

Den største samlaren av folketradisjonen i Setesdal er Johannes Skar (1837–1914). Skar ikkje bare samla inn og sikra tradisjonsstoffet for ettertida, han formidla det også tilbake i trykt form gjennom storverket sitt i sju bind Gamalt or Sætesdal.[40] Professor i folkeminnevitskap Olav Bø har skrive desse vakre orda om Johannes Skar sitt livsverk:[41]

SitatSkar kom til Setesdal då den gamle forteljekunsten heldt på å døy ut. Med sitt iherdige arbeid fekk han samla det meste og det beste av den gamle tradisjonen. «Gamalt or Sætesdal» er eit storverk, innhaldsrikt som ein bibel for tradisjonsgranskarar. Det er ikkje oppskrifter og samlingar til vitskapleg bruk først og framst, men ei merkeleg og eineståande kultursoge, eit varande minnesmerke over ein særmerkt norsk bygdekultur.Sitat
– Olav Bø

Andre viktige samlarar av folketradisjonen var Jørgen Moe og August Schneider før Skar og Torleiv Hannaas og Knut Liestøl etter.

Fortellerkunst og stevdikting

Svein Hovden.

Fortellarkunsten har stått sterkt i Setesdal. Frå gamalt av blei det skilt mellom sannsoger og det som bare var soger. Dei fleste og beste tradisjonsberarane skal ha sett sannsogene høgast.[42] Store historiefortellarar var blant mange fleire Hallvor Knutsson Aakre, Olav Eivindson Austad, Tarjei Langeid og Svein Hovden.[43]

Folkemusikk

I Setesdal. Folk, kunst og tradisjon har spelemannen Gunnar Stubseid skrive kapittelet om folkemusikken. Han innleiar slik:[44]

SitatSetesdal har ein eigenarta folkemusikk som skil seg klårt ut få andre dalføre. Det gjeld nok i fyrste rekkje felemusikken og steva. Dette er også hovuddelen av musikken, og utan samanlikning den sterkaste tradisjonen i våre dagar.Sitat
– Gunnar Stubseid

Byggeskikk

Rygnestadtunet i Valle er det mest særmerkte gardstunet i hele Setesdal.
Foto: Geir Daasvatn
Våningshuset i Tveitetunet i Valle i 1912. Foto frå Setesdalsmuseet sine samlinger

Setesdal, og då i første rekke Øvre Setesdal, har ein monumental byggeskikk. Rekketunet var frå gamalt av ein vanleg byggemåte. Bygningane stod då i parallelle rekker, ei øvre for innhus og ei lågareliggande for uthus. Etter kvart som matrikkelgardane blei delte, vart det vanlegare at husa stod i klynge.[45] Fram til begynninga av 1800-talet var denne byggeskikken svært einsarta. Husa stod samla i tun. Det var husklynger med opp til 4–5 våningshus og loft, og tilhøyrande uthusbygningar. Det var helst læge tømmerhus utan vindauge. På nokre garder var det bygd til ei «nyestog» med skorstein og eitt eller to vindauge. Framleis var vindauge ei kostbar investering som mange ikkje hadde råd til. Setesdal hadde fram til denne tida framleis eit preg av mellomalder.[46]

Bruk av enorme tømmerstokkar i byggverka er eitt av kjennemerka på byggeskikken i Setesdal. Tømmer var ei viktig salsvare, og tømmeret blei flota nedover Otra til Kristiansand. Men dei største stokkene var det vanskeleg å manøvrere nedover i vassdraget. Det tømmeret brukte setesdølene difor sjølve.[47]

I 1860-årene starta ei stor utskifting av jorda mellom gardane. Bygningane blei då flytta frå dei gamle fellestuna og spreidde meir rundt i landskapet. Det er desse gardshusa vi i dag ser som toetasjers bygningar med inngang på midten og ei stue på kvar side. Tømmerkjernen kan ofte vere frå 1600-talet eller enda eldre.[48]

Rygnestadtunet er det mest særmerkte gardstunet i heile Setesdal. Den eldste delen av stogehuset her er bygd før år 1350.[49] Men det spesielle tre etasjers loftet på Rygnestad syner at setesdølane også henta inspirasjon frå verda utanfor til byggeskikken sin. Loftet er truleg inspirert av tårnbygningar byggherren Vonde-Åsmund Rygnestad kan ha sett som leigesoldat på kontinentet i 1560-åra.

Haugenloftet i Åraksbø i Bygland frå 1217/1218 er eit anna helt spesielt verdifullt eksempel på byggeskikken i Setesdal. Stokkane i loftet må ha begynt å vekse rundt år 800.

Sølvsmed-kunsten

Den aller første sølvsmeden ein meiner å kjenne namnet til i Setesdal, er Linder Andersson (fødd ca. 1711). Han var innflyttar frå Numedal. Men det fantes sjølvsagt sølvsaker i dalen også før hans tid, skriv Leonhard Jansen og Alfred Ryningen i Kultursoga for Valle.[50] Det kan ha vore «bondesølvsmeder» som lagde sølv. Noko av sølvstasen setesdølane brukte kom nok også frå byane. Den store framstillinga av sølvsmedarbeider er ikkje spesielt gamal i Setesdal, bare frå første halvdel av 1800-talet. Salmund Haugebirke (fødd 1800) og Eivind Eivindsson Uppstad (fødd 1795) er dei to første kjende setesdølane som var sølvsmedar.[51] Det var først i det 19. århundre at sølvsmedkunsten spreidde seg, slik at det rundt 1970 kunne seiast at kvar tredje husstand i Hylestad hadde sølvsmie.[52] «På Helle var det ein periode mest vanskeleg å finne eit vakse menneske som ikkje hadde eitt eller anna med sylvsmedarbeid å gjere», er det sagt i Kultursoga for Valle.[53]

Talemålet

Setesdalsmålet har i alle dagar vore oppfatta som spesielt og rotekte. I Valle kommune, som ligg midt i Setesdal, har dette særeigne talemålet halde seg temmeleg uforandra fram til våre dagar. Mykje av talemålet liknar på gamalnorsken.

Eit særdrag i Valle og Hylestad er formrikdomen. Substantiva har seks former, verba vert bøygde ulikt i eintal og fleirtal, og dei fyrste talorda vert bøygde i kjønn. Uttalen av dei fleste vokalane er spesiell og kan vere vanskeleg å skjøne for utanbygds folk.

Vallemålet og hylestadmålet er stort sett likt, skilnaden må seiast å vere på detaljnivå. Skal ein seie noko om skilnadene, kan ein kanskje nemne at valldølane tykkjest ha noko større ordtilfang, medan hylstringane har ein meir «syngjande» uttale. «Setningsmelodien» er med andre ord noko ulik. Uttale og bruk av einskildord kan også variere lokalt i dei ulike grendene i Valle og Hylestad.

Målføret i grannekommunen Bykle, opp til Hoslemo, må seiast å vere nokolunde likt valle- og hylestadmålet. Det same gjeld for øvste del av Bygland, grannekommunen i sør.[54]

Kraftutbygging

Vatndalsdammen sett ovanfrå.

Kraftutbygginga i Setesdal frå begynninga av 1900-talet og fram til i dag har hatt ei enorm betydning for samfunnsutviklinga i dalen dei siste 100 år. Kommunane i dalen, særleg dei øverst i dalen, er tilført store verdiar (erstatningar, arbeidsplassar, skatteinntekter, vegar m.v.). Bykle er sjølve kraftverkskommunen i Setesdal. På den andre sida er gardar og heile grender, og store heievidder, lagt under vatn. Den særmerkte innestengte laksen bleka blei nesten utrydda. Den skiftande vasstanden har ført til utrasing langs breidda av Byglandsfjorden og andre stader, og sår i landskapet.

I 1900 blei Otteraaens Brugseierforening skipa. Formålet var å skaffe jamn tilgang på vatn til kraftproduksjon gjennom regulering av Otra-vassdraget. Etter først å ha bygd ut fossane nederst i Otra-vassdraget, kasta foreninga augo sine på Byglandsfjorden. I 1903 blei det gitt konsesjon for oppdemming av fjorden frå kote 198 til kote 201 om sommaren og kote 202 om vinteren. Dam blei bygd sør for Byglandsfjord, rett nord for kommunegrensa mot Evje og Hornnes. Utbygginga var ikkje heilt vellykka. Dammen låg slik til at regulanten ikkje klarte å tappe fjorden ned til kote 198.[55] Seinare blei dammen flytta litt lenger sør, og ligg nå i sin heilskap i Evje og Hornnes kommune.

Kgl. res. av 22. november 1912 opna for den store reguleringsperioden. Byglandsfjorden blei tillatt senka til kote 198 og heva til kote 203, dvs. 3 m heving og 2 m senking. Ei lang rekke fjellvatn på begge sider av Otra blei tillatt regulert: Gyvatn, Longeraksvatnet og Hovatn i Bygland, og Botsvatn, Vatndalsvatnet, Hartevatn/Breivevatnet, Store Førsvatn og Breidvatn/Sæsvatn i Bykle/Hovden-området.[56]

Situasjonen rundt 1960 var at Otra og ei rekke fjellvatn var regulerte til ei viss grad. Nå kom det nye planar som gjekk mykje lenger. IS Øvre Otra, som seinere blei til Otra Kraft, blei skipa. Selskapet la fram planar om å bygge dam ved utløpet av Bykil, sjølve «inngangsporten» til Bykle. I meir enn fem år, fram til 1969 då konsesjon for prosjektet vart nekta av regjeringea, var dette ein veldig bitter strid i øvre Setesdal.[57]

Då Bykil-prosjektet måtte leggast bort, vendte kraftutbyggarane seg mot andre prosjekt. Nå starta i staden ei svær utbygging med vidare regulering av Botsvatn og Vatndalsvatnet og fleire mindre fjellvatn, og kraftstasjonar i Holen i Bykle og Brokke i Hylestad. For å demme opp Vatndalsvatnet blei det bygd to enorme steinfyllingsdammar. Hoveddammen er 120 m høg, 487 m lang og 365 m brei i botnen. Den andre dammen er 65 m høg. Ved å senke vatnet 40 m er den totale reguleringshøgda heile 140 m. Den siste store utbygginga her tok til i 1978, og var ferdig i 1983.

Frå 2012 starta det til nå siste store kraftprosjektet i Setesdal, Brokke Nord. Det blei bygd ei høg betongdam i Sarvsfossen i Bykle kyrkjebygd, og vatnet vart overført til det nye Skarg kraftverk ved Botsvatn. Anlegga stod ferdige i 2014.

Kjende personar frå Setesdal

Referanser

  1. Edvard Bull, Økonomisk og administrativ historie, kapittel i Setesdalen (1919), side 47
  2. Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 44
  3. Byglands soge, utgjeve av bygdesogenemda i Bygland, 1939, side 11
  4. Alfred Ryningen, Valle kommune VI Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 70–71
  5. Setesdalen, side 47
  6. Torjus Åkre m.fl., Bygdesogeskrifter frå Valle og Hylestad, utgjeve av Valle bygdesogenemnd, 1983, side 362
  7. Kjell Bitustøyl, Tamreindrifta i Setesdalsheiane, Bokbyen Forlag, 2017, side 14 øverst
  8. Byglands soge, side 12
  9. Olav Bø (red), Setesdal. Folk, kunst og tradisjon, Grøndahl & Søn AS, utgjeve 1980, side 29
  10. Artikkelen om Setesdal på Wikipedia
  11. Aschougs konversasjonsleksikon, bind 17, 1971, side 61–62
  12. SSB/Kommunefakta 10. mai 2022
  13. ssb.no: kommunefakta
  14. SSBs statistikk for folketal i tettstadar pr. 1. januar 2022
  15. Informasjonstavle på Hekni rasteplass.
  16. Om Agder Politidistrikt på Politi.no
  17. Politiorum.no
  18. Olaf Benneche, Setesdalen og setesdølene, artikkel i Setesdalen, s. 10
  19. Johan Christian Frøstrup (red.), Vandringer i Setesdal Austhei 2014, utgjeve av Friluftsforlaget, 2014, side 189–190
  20. Vandringer i Setesdal Austhei 2014, side 193–194
  21. Vandringer i Setesdal Austhei 2014, side 196–197
  22. Vandringer i Setesdal Austhei 2014, side 199
  23. Valle kommune VII, Kultursoge 1, side 15
  24. Bjarne Tveiten, Samehistoria i Setesdal, Setesdal og setesdølar, Årsskrift for Setesdal sogelag, 2014, side 81
  25. Spor i Setesdalsjord, Bokbyen Forlag, 2014, side 25
  26. Spor i Setesdalsjord, side 26
  27. Spor i Setesdalsjord, side 26
  28. Kultursoge for Evje og Hornnes, side 36
  29. Spor i Setesdalsjord, side 26–28
  30. Valle kommune VII, Kultursoge 1, side 42
  31. Valle kommune VII, Kultursoge 1, side 46
  32. Spor i Setesdalsjord, side 33
  33. Edvard Bull, Økonomisk og administrativ historie, kapittel i Norske Bygder - Setesdalen, utgitt 1921, side 60–61
  34. Norske Bygder - Setesdalen, side 73
  35. Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg - vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, side 14
  36. Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, bind I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 252
  37. Lokalhistoriewiki.no
  38. vallemal.no
  39. Artikkel om Setesdalstradisjonen og UNESCO-lista hos Kulturrådet
  40. Sigrid Bø og Jarnfrid Kjøk, Held `u så mykje av meg, so æ de kje reise for meg, Setesdal og setesdølar, Årsskrift for Setesdal Sogelag, 2014, side 21
  41. Setesdal. Folk, kunst og tradisjon, side 33
  42. Olav Bø, Setesdal – frå utkantbygder til kraftsentrum, Det Norske Samlaget, 1991, side 12
  43. Setesdal - frå utkantbygder til kraftsentrum, side 41
  44. Setesdal. Folk, kunst og tradisjon, s. 174
  45. Spor i Setesdaljord, side 133–134
  46. Leonhard Jansen, Setesdal, setesdølar, Eidsvoll og 1814, hefte utgjeve av Setesdalsmuseet, 2014, side 6
  47. Setesdal, setesdølar, Eidsvoll og 1814, side 7
  48. Setesdal, setesdølar, Eidsvoll og 1814, side 8
  49. Setesdal. Folk, kunst og tradisjon, side 118–119
  50. Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VIII, Kultursoge 2, utgitt av Valle kommune, 1994, side 251
  51. Valle kommune VIII, Kultursoge 2, side 253
  52. Setesdal. Folk, kunst og tradisjon, side 192
  53. Valle kommune VIII, Kultursoge 2, side 255
  54. vallamal.no
  55. Setesdal – frå utkantbygder til kraftsentrum, side 148
  56. Sigmund Skomedal, I skiftende tider og inn i en ny tid, jubileumsskrift Otteraaens Brugseierforening, 2000, side 30
  57. Setesdal - frå utkantbygder til kraftsentrum, side 159–165

Kjelder og litteratur

Boka Spor i Setesdalsjord gir ny og spennande kunnskap om når, kor og korleis dei første setesdølar må ha levd.

Eksterne lenker

Kart

Laster kart...