Moisund

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Moisund sett frå Hannåsfjellet.

Moisund er ei lita grend heilt sør i Evje og Hornnes kommune, rundt garden Moi. Moi-garden er nok ein av dei eldste i kommunen, truleg frå romersk jernalder. Då Setesdalsbanen kom i 1896, vart det lagt stasjon til Moi. Stasjonen skal då ha blitt heitande Moisund, slik at han ikkje skulle forvekslast med stasjonen Moi i Rogaland.

Før var det både butikk og skule på Moisund. Men dei er nedlagde no. Den mykje omtykte revygruppa MORUS hadde sitt utspring i Moisund-bygda. Det same hadde den særs populære nettstaden Moisund.com, som vart nedlagt 31. desember 2014.

Nokre hundre meter aust for Riksvei 9, langs fylkesvegen mellom Klepp og Iveland, ligg Stemhei bustadfelt. Frå dette vesle bustadfeltet har det kome to stortingsrepresentantar, Kjell Ingolf Ropstad og Line Vennesland. Kjell Ingolf er seinare blitt statsråd i regjeringa til Erna Solberg. Ordførar i Evje og Hornnes kommune, Bjørn Ropstad, bur også her.

Eit par kilometer lenger sør, langs breidda av Otra, ligg det ganske nye bustadfeltet Moisund Elvebredd vakkert plassert i landskapet. På andre sida av riksvegen for Moisund Elvebredd er det planlagt eit nytt, stort bustadfelt - Trollbakkane bustadfelt. I 2014 har private interessentar søkt Evje og Hornnes kommune om omregulering av ein del av dette arealet til hotellverksemd med vidare. Planane er så langt (2019) ikkje blitt realiserte.

Kjelder[rediger]