Otra

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Otra renn ut ved Kristiansand.
Her begynner Otra sitt løp ut fra demninga i Breidvatn ved Bjåen. På ferda si mot Kristiansand passerer elva gjennom åtte kraftstasjonar.

Otra er den største elva på Sørlandet. Ho har løpet sitt frå Sæsvatn/Breidvatn ved Bjåen nord for Hovden i Bykle kommune i Aust-Agder til ho renn ut i havet ved Kristiansand i Vest-Agder i sør. Namnet kjem frå det norrøne ordet otr, som i dag er blitt til oter. Altså dyrenamnet oter.[1] [2] [3] Elva er lakseførande opp til Vigeland i Vennesla. I tillegg finnast den spesielle relikte laksen bleke i Byglandsfjorden. Otra er ei av dei mest regulerte elvane i Norge.[4]

Elveløpet

Otra

Otra er 245 kilometer lang og med det Norges sjuande lengste elv. Middelvassføringa ved utløpet i Kristiansand er 150 m³/s. Høgaste vassføring er målt i oktober 1987 med ca. 1000 m³/s nedstraums Vigeland. I ei kjelde er det sagt at høgaste målte vassføring er heile 1400 m3/s, i storflaumen hausten 1934.[5] Høgaste registrerte vassføring ved Syrtveit VM etter år 2000 er i underkant av 550 m3/s (oktober 2017). Vassføringa dei siste 30 åra er høgare enn for dei 30 åra før (1960–1990).[6] Nedbørsfeltet er 3 738 km² stort.[7] Høgdeskilnaden frå kjeldene i nord til Kristiansand er rundt 1 150 meter. [8]

Det er to store innsjøar i vassdraget, Åraksfjorden og Byglandsfjorden. Andre innsjøar er Breiflå i Hornnes og Kilefjorden, Gåseflåfjorden og Nomelandsfjorden på grensa mellom Iveland og Vennesla. Dei to siste fjordane er kome til ved oppdemming av elva til kraftmagasin for Iveland kraftverk og Nomeland kraftverk. Venneslafjorden lagar det nedste innsjøpartiet i vassdraget.[9]

Fisk

Laks

I Otra er det produksjon av lakseungar og laksesmolt. Vasskvaliteten dei siste åra har vore så god at det ikkje er registrert forsuringsskadar på smolten. Laksen klarar seg godt i Otra fordi elvevatnet ikkje er så surt. Det er kalkrik berggrunn i nedbørsfeltet øvst i Setesdal som gir elvevatnet ein viss bufferevne mot forsuring.

Fangstane dei siste åra har vore varierande:

  • 2001: 7,2 tonn
  • 2002: 5,3 tonn
  • 2003: 7,4 tonn
  • 2004: 5,8 tonn
  • 2005: 9,9 tonn
  • 2006: 10,7 tonn
  • 2007: 5,9 tonn

Bleke

Bleke er ein laksefisk som bare finnast i Otravassdraget.

Aure

Ørekyte

Også karpefisken ørekyte har fått innpass i Otravassdraget. Fram til 2008 var det bare funne ørekyte i heile vassdraget ovanfor Hekni. Denne fisken er uønska i vassdraget, og det gjekk føre seg eit arbeid for å hindre vidare spredning. Dette arbeidet var mislykka, og sommaren 2008 blei det først funne ørekyte på Frøysnes og seinere andre stader i Åraks- og Byglandsfjorden. Ho vil truleg også gå vidare ned vassdraget.

Regulering

Kontorene til Otra Kraft, Otteraaens B.f. og Agder Energi.
Foto: Siri Johannessen
Dam Sarvsfoss, som demmer opp Otra rett ovanfor Sarvsfossen i Bykle kyrkjebygd, stod ferdig i 2014.
Foto: Geir Daasvatn

Otra er ei av Norges mest regulerte elvar, med ei rekke kraftverk i vassdraget[10]:

I tillegg til kraftstasjonar er det etablert pumpestasjonar for overføring av vatn mellom reguleringsmagasin:

I eit normalår produserer desse kraftstasjonane om lag 4 700 GWh (4,7 TWh). Det er meir enn 3 % av den norske vasskraftproduksjonen.[11]

Miljøtilstanden

Hovudbildet er at Otra i dag (2021) har god badevannskvalitet langs heile elveløpet. For nedre del av elva har det vore ei vesentleg forbetring frå tilstanden på begynninga av 1980-talet. Dei viktigaste faktorane som påvirkar miljøtilstanden i dag er: Sur nedbør, vasskraftutbygginga, krypsivbegroing, framande fiskeartar, klimaendringar med auka årsnedbør og otare episodar med høge nedbørsintensitetar og forureining.[12]

Sideelvar

Dette oversynet (som bare er begynt på) viser sideelvar som renn ut i Otra:

Bykle

Trydalsbekken 26. desember 2017.
Foto: Geir Daasvatn

Valle

Kveasåni 2010.

Bygland

Evje og Hornnes

Dåsåna renn stille forbi Kallhovd i Dåsvannsdalen i Hornnes.

Iveland

Vennesla

Ein liten foss i Eljansåna ved Kile i Vennesla kommune.
Langåna ved Reiersdal i Vennesla.
Foto: Geir Daasvatn

Kristiansand

Sjå også

Eksterne lenker

Referansar

  1. Bjarne Tveiten, Otra, kapittel i Hovden. Arkeologi og historie, utgitt av Bykle kommune, 1991, s. 29
  2. Artikkelen Frøyrakshorgi på Setesdalswiki med vidare tilvisingar
  3. Sigmund Skomedal, I skiftende tider, s. 16
  4. Artikkelen om Otra i nettutgaven av Store Norske Leksikon
  5. Andreas Vevstad, Fosskarane og Åna, utgjeve av Fellesfløtningen i Otra, 1999, side 18
  6. Melding med forslag til utredningsprogram for Syrtveit kraftverk i Evje og Hornnes kommune, Agder fylke, Agder Energi Vannkraft, 2021, side 9–10
  7. Artikkelen om Otra i nettutgaven av Store Norske Leksikon
  8. I skiftende tider, s. 16
  9. Tom Egerhei og Janne Johnsen, Otra. Mulighetsstudie for Otra Elvepark, MIdt-Agder Friluftsråd, 2020, s. 16
  10. Otra. Mulighetsstudie for Otra Elvepark, s. 19
  11. Otra. Mulighetsstudie for Otra Elvepark, s. 19
  12. Otra. Mulighetsstudie for Otra Elvepark, s. 20