Hardingfele
Hardingfela er ein norsk variant av fiolinen. I tillegg til fire overstrengar, har ho 4–5 underliggjande resonansstrengar. Desse gir den spesielle klangen i ei hardingfele. Det er også lett å kjenne igjen ei hardingfele på dekorasjonane, som tildels er stadeigne. Ei hardingfele kan også kjennast igjen på stolen, som er flatare enn på ein vanleg fiolin. Fingerbrettet har mønster.
Setesdal
I 1860-åra kom spelemannen Nere Neset frå Bygland med den første hardingfela til Setesdal. Mot slutten av 1800-talet blei hardingfela meir og meir vanleg. Men lenge levde den vanlege fiolinen og hardingfela side om side. Dei gamle spelemennene ville ikkje bruke andre instrument enn dusifela.
Hallvard T. Bjørgum og Gunnar Stubseid er mellom dei mest kjende nolevande spelemennene i dalen som brukar hardingfele. Vidar Lande frå Lauvdal er ein annan kjend folkemusikar med røtene i Setesdal. Mellom yngre, dyktige lokale spelemenn på hardingfele er Tor Hoslemo, Jamie Lodberg og Daniel Sandén-Warg.
Kjelder
- Artikkelen om Hardingfele på Wikipedia (bokmål), besøkt 10. februar 2019
- Olav Bø (red.), Setesdal. Folk, kunst og tradisjon, Grøndahl & Søn Forlag, 1980, side 174–191