Juel Lund (1869)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Juel Lund (1869)
Født: 19. januar 1869
Død: 7. januar 1962 (92 år)
Primstaven.jpeg

Juel Lund (fødd 19. januar 1869 i Ørskog på Sunnmøre, død 7. januar 1962) var lensmann i Valle frå 1919 til 1939. Han overtok etter sin far, Ole Lund og hadde då vore hjelpelensmann (lensmannsbetjent) i lang tid. Han vart gift med Jorånd Røysland i 1893 og dei fekk 12 born.

Tarald Nomeland skriv om han: «Juel var ein kraftkar, rikt utrusta både fysisk og psykisk. Og han hadde givnader i mange leier. Han var lensmann og bonde, snikkar og smed, reingjætar og travkøyrar - og han kunne og ha vore ein god spelemann om han hadde hatt tid til å dyrke musikken. Men det hadde han ikkje, han hadde alltid hendene fulle av arbeid og oppgåver. Av natur var han godmodig, lenten og morosam, romsynt og vensæl og eit mønstermenneske i all si ferd.»

Tamreindrift

Juel Lund blei kjend med Jon Andersen Jeiskeli og kona Kristina Thomasdotter Jeiskeli som kom til Bykle med ein reinsflokk rundt 1886. Gjennom Jon Andersen lærte Juel mykje om reindrift. Han fekk bøndene i Bykle med på å kjøpe seg nokre dyr kvar. Desse skulle så Jon Andersen merke og gjete for eigarane, inkludert Juel. Slik fekk dei etterkvart augene opp for at tamreindrift kunne bli lønsamt. I 1895 var Juel Lund initiativtakar til skipinga av Setesdalens Reinsamlag, saman med folk i Austad og Hylestad, og han blei den første formannen. Dei kjøpte reinsdyr i Bykle, og hadde flokken i Rysstadheia. Seinare kjøpte Juel ut dei andre luteigarane, og hadde flokken sjølv. Setesdalens Reinsamlag blei oppløyst i 1901.

I 1903 var Juel Lund med på å skipe Breive reinsdyrsamlag. 19 aksjeeigarar teikna seg, dei fleste frå Bykle. Laget dreiv godt, og gav gode inntekter til Bykle herad. Men i 1919 blei Juel lensmann i Valle. Han trekte seg då ut av Breive reinsdyrsamlag, og selde parten sin.

Forfattar

Juel Lund skreiv den siste delen av boka Bygdesogeskrifter frå Valle og Hylestad. Han skreiv også boka Primstaven, som kom ut på Fonna forlag i 1941.

Heider

  • H.M. Kongens medalje for borgerdåd for sitt arbeid på det kulturelle og økonomiske området, særleg for arbeid for betring av næringane og kommunikasjonane i Øvre Setesdal

Barn

Kjelder