Bygland sokneråd

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
(Omdirigert fra Bygland sokn)
Hopp til: navigasjon, søk

Bygland sokneråd er det eine av to sokneråd i Bygland kyrkjelege fellesråd. Det femner sidan 1. juli 1997 den nordlege delen av Bygland kommune. Bygland kyrkje frå 1838 er soknet sin kyrkje, og dessutan ligg dei tidlegare soknekyrkjene Austad kyrkjeTveit og Sandnes kyrkjeÅraksbø, attmed Sandnes kapellSandnes i soknet. Ose grendehus nyttast til kyrkje om vinteren, og det vert og halde gudstenestar på Byglandsheimen.

Historikk[rediger]

Fram til soknerådslova vart vedteken 3. desember 1920 hadde heradet vald ut kyrkjetilsynet sine medlemmar, men i soknerådet som for Bygland sin del skulle ha ni medlemmer skulle soknet velje åtte og heradet ein.

Sundag 12. februar 1922 etter messa valde kyrkjelyden i Bygland for fyrste gong sitt eige råd. Karl Eugen Birkelund var sokneprest, og i rådet satt for kyrkjelyden Ketil Bygland, Gunnar Haugå, Jakob Haugå, Gunnstein Lauvdal, Olav Neset, Mikkjel Skomedal, Pål Skomedal og Jørund Såghus. Dette rådet satt i to år, fram til 1924.

I 1937 vart den fyrste kvinna vald inn i soknerådet, Gunnhild Gunnarsdotter Såghus.

Aktivitet[rediger]

I området er omlag 700 personar busett. Ved sidan av reine kyrkjelege aktiviteter nyttast kyrkjene og til konsertar.

2012

Dette året vart det forretta nattverd på 24 gudstenester, med til saman 352 nattverdgjester. Seks born vert døypte, 13 konfirmantar og ti gravferder. Gudstenestene hadde eit snitt på 41 frammøtte.

2013

53 gudstenester hadde totalt 2108 deltakarar, og av desse vert 39 forretta på sun- og heilegdagar med eit snitt på 43 deltakarar. Det vart forretta nattverd på 24 av gudstenestene, med til saman 399 nattverdgjester, av desse var åtte av gudstenestene på Byglandsheimen. Av andre kyrkjelege handlingar vert åtte born døypt, åtte ungdomar konfirmerte og ti gravferder.

Sokneråd 1925–1939[rediger]

Medlemmer 1925–1927

Gunnar Haugå, Jakob Haugå, Eivind Lande, Aasulv Lande, Gunnstein Lauvdal, Olav Neset, Gunnstein Skomedal og Jørund Såghus.

Medlemmer 1928–1930

Olav Attestog, Gunnar Haugå, Eivind Lande, Eivind Moy, Gunnar Nomeland, Gunnar Skomedal, Gunnstein Skomedal og Jørund Såghus.

Medlemmer 1931–1933

Olav Attestog, Gunnar Haugå, Eivind Lande, Aasulv Lande, Gunnar Nomeland, Gunnar Skomedal, Gunnstein Skomedal og Jørund Såghus.

Medlemmer 1934–1936

Olav Attestog, Gunnar Haugå, Eivind Lande, Aasulv Lande, Gunnar Nomeland, Gunnar Skomedal, Gunnstein Skomedal og Jørund Såghus.

Medlemmer 1937–1939

Olav Attestog, Gunnar Haugå, Eivind Lande, Gunnar Nomeland, Gunnar Skomedal, Gunnstein Skomedal, Jørund Såghus og Gunnhild Såghus.

Medlemmer 2009[rediger]

Ved soknerådsvalet 2009 vart desse valde inn i Bygland sokneråd: Torhild Austad, Knut Haugetveit, Birgit Haugå Nordibø, Marit Taksdal, Mona Sandnes og Anne Reidun Lund.

Medlemmer 2013 – 2015[rediger]

Medlemmar var Knut Gakkestad (leiar), Olav Arnfinn Arneberg (nestleiar), Nils R. Hammer (sekretær og 1. varamedlem), Ingebjørg Haugstad Lidtveit, Inger Synnøve K. Heistad, Tone Simonstad Knutsen og Anne Turid B. Frøysnes. I fellesrådet sit Knut Gakkestad og Ingebjørg Haugstad Lidtveit.

Medlemmer 2015 – 2019[rediger]

Ved valet i 2015 deltok om lag 33% og desse vart valde inn:

Kyrkjebøker[rediger]

I åra 1725–1848 vart ministerial- eller klokkarbøker skrivne for heile prestgjeldet. Kyrkjelydane vart då angjeve antingen med namn (Aardal, Bygland (eller berre kyrkja), Sandnes og Oustad) eller den fyrste bokstaven i namnet.

Austad sokn[rediger]

Bygland sokn[rediger]

Sandnes sokn[rediger]

Sjå også[rediger]

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]