Hornnes

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Hornnes på vestsida av Otra, med Dåsnesmoen og Dåsnes i framgrunnen og Breiflå lenger bak. På andre sida av elva ligg Evjemoen.
Moisund.
Foto: Geir Daasvatn
Senum ved Byglandsfjorden var den nordlegaste garden i Hornnes kommune.
Foto: Geir Daasvatn

Hornnes er ei bygd og ein tidlegare kommune i Setesdal i Aust-Agder. Hornnes vart sjølvstendig kommune 1. januar 1886 då det tidligare Hornnes og Iveland formannskapsdistrikt (etter 1863 kalt herad) vart delt i to: Hornnes og Iveland kommunar. Hornnes var på vestsida av Otra, frå Senum ved Byglandsfjorden i nord til Vestre Hodne mot fylkesgrensa til Vest-Agder i sør. Kommunen var om lag 30 km lang, med ei breidde mellom 10 og 15 km. Flatevidda var 378 km2.

1. januar 1960 vart Hornnes og Evje kommunar slegne saman til ei eining med namnet Evje og Hornnes kommune. 1. januar 1986 vart gardsnummer 125, Lislevatn i Birkenes, tillagt Evje og Hornnes kommue.

Namnet[rediger]

I innsjøen Breiflå stikk det ut to oddar - som to horn. Det er visstnok dette som skal ha gitt Hornnes (garden) namnet, og seinare bygda og kommunen.[1] Men Oddmund Mogstad har også diskutert ei anna mogeleg forklaring. Han peikar på at opphavet til namnet truleg er eit urnordisk ord som kan tyde både hjørne og horn. Kan namnet like gjerne kome av at Hornnes-garden ligg på eit hjørne mellom Kjetsåkilen (Voilan) og Dåsåna?[2]

Historie[rediger]

Hornnes og Iveland formannskapsdistrikt 1837-1885[rediger]

Etter at formannskapslova var vedteke i 1837, vart Hornnes og Iveland kyrkjesokner organisert som eit eige formannskapsdistrikt (frå 1863 endra til herad). Hornnes og Iveland var på denne tida ingen naturleg kommunal eining. Dei to sokna hadde få felles interesser. I nokre spørsmål, til dømes veg og jernvegsaker, stod interessene direkte mot kvarandre.[3]

Ei av dei første større sakene etter at Hornnes og Iveland var blitt ein felles kommune, var veg gjennom Hornnes. I 1840 blei den setesdalske hovudveg (også kalla postvegen) bygd gjennom Hornnes til GullsmedmoenSenum. Det kom bru over Dåsåna.

Hornnes på denne tida var ei typisk jordbruksbygd. Det var lite eller ingen industri. Dagleglivet kretsa rundt garden. I 1847 og 1848 gav heradstyret lov til at dei to første landhandleria kunne starte opp i bygda.[4]

I 1861 vedtok amtstinget å bygge distriktsfengsel i Dåsnes i Hornnes.

I 1877 kom Birkelandsbrua over Otra der Evje sentrum no ligg. Få år etter kom det veg vidare nordover frå Evje til Byglandsfjord på austsida av Otra. Vegen mellom Birkeland og Gullsmedmoen på vestsida blei då mykje mindre brukt.

Kjensla av at Hornnes og Iveland ikkje var nokon naturleg kommunal eining vaks seg bare sterkare etter som åra gjekk.[5] I 1885 avgjorde departementet at heradet skulle delast.

Hornnes eige herad 1885-1959[rediger]

Setesdalsbanen kom i 1896, og med han stasjonar på Moisund og i Hornnes. Rundt stasjonane vaks det fram ein del ny busetnad. Hornnes landsgymnas vart etablert i 1918, og gjorde at det blei bygd mykje nytt i Dåsnes. Dåsnes og Faret har frå gamalt av vore eit knutepunkt for trafikken opp og ned Setesdal, og til nabobygda Åseral. I Krossen ved Birkeland, rett over Otra-elva for Evje sentrum, vaks det òg utover på 1900-talet fram eit tettbygd strok. Det skuldast nok mykje den store verksemda ved Evje nikkelverk.

I 1937-1939 ble bureisingsprosjektet Hannåsfeltet gjennomført. Det kom sju nye gardsbruk og ei heilt ny lita grend i Hornnes. Hausten 1954 kunne kommunen endeleg innvige gamleheim i bygda.

Ordførarar 1837-1959[rediger]

Severdigheter[rediger]

Den gamle jernbanebrua.
Foto: Geir Daasvatn
  • Hornnes stasjon på den nå nedlagde Setesdalsbanen er teikna av arkitekt Paul Due og vart bygd i 1895. Stasjonbygningen, privetbygningen og restane av stasjonhagen vart freda i 2002.
  • Hornnes kyrkje er ei laftebygd, 8-kanta kyrkje med plass til 300. Den er bygd i 1828. Hornnes er dokumentert som kyrkjestad tilbake til 1327. I tienderekneskapa i Roma er kyrkja kalla som «Ornes i Odralen provincis».
  • Setesdal Mineralpark har ein 1.100m² utstillingshall sprengt inn i fjellet med mineralar og bergartar .
  • Fjelltoppen Masi er eit utsiktspunkt over Hornnes, og eit populært turmål.
  • Hornnes jernbanebru er ei bru over Otra, bygd 1895 før opninga av Setesdalsbanen i 1896, i dag brukt som gang- og sykkelbru mellom Hornnes og Evjemoen/Bjoråvika.

Referansar[rediger]

  1. Jørgen Moseid, Hornnes, omtale av Hornnes i Norges bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, utgitt av Norsk Faglitteratur og G Reinert, Oslo 1956, s. 424-425
  2. Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Hornnes, artikkel i Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2006, s. 31
  3. Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 2003, s. 367
  4. Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, s. 378
  5. Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, s. 387


Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]