Olav Knutsson Tveiten

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Olav Knutsson Tveiten
Født: 1758
Død: 5. oktober 1837 (alder 78–79)
Det var mykje folk samla då bautaen over Olav Knutsson Tveiten vart avduka i 1909
Bautaen på kirkegården, tekst
Eidsvoldsmand Ole Knudson Tvedten
Bonden skal ha sin odel

Olav Knutsson Tveiten (fødd 1758, død 5. oktober 1837) var bonde og lensmann i Valle. Han budde på Tveiten og var ein av tre utsendingar frå Råbyggelaget til Riksforsamlinga på Eidsvoll.

Som evnerik ungdom gjorde presten Reier Gjellebøl han til omgangsskulelærar i 1776. Olav var då berre 18 år gammal, og han heldt fram med det virket til 1785. I 1783 gifta han seg med Gyro Gunnufsdotter Kvestad og i 1788 overtok han garden etter foreldra. Då hadde han alt vore lensmann sidan 1786. Kort før han døydde i 1837, 79 år gammal, tok sonen Bjørn Kvestad over som lensmann.

Kona Gyro døydde i 1822, dei hadde sju barn. I 1824, 66 år gammal, gifta han seg med søskenbarnet til første kona, Margit Olsdotter Harstad, som var 45 år yngre enn mannen. Med henne fekk han fem barn.

I 1797 var han i barselselskap i Brokke. Der kom han i slagsmål med Torjus Rysstad, som vart drept. Etter først å ha blitt dømt for drapet, vart Olav Knutsson Tveiten frikjent i Høgsterett med grunngjeving at han handla i naudverge. Dermed kunne han halde fram som lensmann.

Eidsvollsmann[rediger]

Som Eidsvollsmann var Olav Knutsson Tveiten for sjølvstende. Han var ein av dei første som skreiv under på eit forsvar for odelsretten. Han var ein støttespelar for Christian Magnus Falsen og Christian Frederik. Det vart fortald at han sovna under handsaminga av saka om rang og ordenar, og måtte bli vekt før avstemminga. Då han vart vekt, spurde han kva Falsen hadde stemt, og så stemde han som han. Han var medlem av deputasjonen som gav Christian Frederik melding om kongevalet.

Etter Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 var Olav Knutsson Tveiten ikkje aktiv i politikk. I 1909 vart det reist ein bauta til minne om han på Valle kyrkjegard. Kvart år på 17. mai blir det lagt ned krans på denne bautaen.

Etterslekta til Olav Knutsson Tveiten[rediger]

Sjå: Olav Knutsson Tveiten sine barn
Olav Knutsson Tveiten sitt etterslektstre på vevsida til eidsvollsmenn.no

Grunnlova sitt 200-års jubileum i 2014 ga Riksarkivet ideen om å lage eit oversyn av etterslekta til alle eidsvollsmenn. Arbeidet blir gjort av frivillige som er interessera i historie og slektsgranskning.

Litteratur[rediger]

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]