Evje prestegjeld

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Evje prestegjeld var eit prestegjeld i Den norske kyrkja. Det bestod av Evje sokn, Hornnes sokn og Iveland sokn. Prestegjeldet var underlagt Otredal prosti i Agder og Telemark bispedømme. Prestegjelda blei fasa ut som administrativ eining i Den norske kyrkja frå 2004.

Historie[rediger]

Evje prestegjeld bestod opphaveleg av Evje sokn, Vegusdal sokn (inkludert Mykland), Hornnes sokn og Iveland sokn. Kyrkja i Evje var hovudkyrkja. Frå 1. april 1875 blei det skipa eit nytt prestegjeld, Herefoss prestegjeld. Vegusdal og Mykland blei overført dit.

Evje prestegjeld høyrde først til Råbyggelaget prosti, saman med Bygland, Valle og Åmli prestegjeld. I 1813 gjekk Åmli ut. Frå 1826 til 1862 var Øvrebø prestegjeld med i prostiet. Åseral prestegjeld var med frå 1844 til 1862. Frå 1844 til 1862 var prostiet lagt til Mandal prosti. I 1874 blei det bestemt at prostiet skulle heite Sætersdalen prosti.

Fram til 1682 høyrde Evje prestegjeld til Stavanger bispedøme. Frå 1682 til 1919 høyrde prestegjeldet til Christianssands stift. I 1919 vart det namnet forandra til Agder bispedømme, og frå 2005 til Agder og Telemark bispedøme.

Kjelder[rediger]