Torleiv Hannaas

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Torleiv Hannaas
Torleiv Hannaas ca 1926.jpg
Foto: Frå festskriftet Setesdals ungdomsskule 1876-1926
Født: 14. juli 1874
Død: 19. november 1929 (55 år)

Torleiv Hannaas (fødd 14. juli 1874, død 19. november 1929) frå Hannås i Hornnes, var norsk filolog, folklorist og målmann, og professor i vestlandsk målgranskning ved Bergens Museum frå 1918.

Han tok utdanning i vaksen alder: Lærarskule, artium og etter kvart cand.phil. I åra 1900-1903 var han lærar ved amtsskulen for dei indre bygder på Agder saman med Torleif O. Homme. Han var statsstipendiat frå 1914 og altså professor frå 1918.

Hannaas gjorde eit stort innsamlingsarbeid av folkeminne og målprøvar, men lite av det vart gjeve ut i hans tid. Han grunnla Norsk Årbok i 1920, og redigerte den til han døydde. Han skipa i 1921 Folkeminnesamlingi ved Bergens Museum, og var leiar (og einaste tilsette) ved samlinga. Han gav ut fleire språkhistoriske minnesmerke, og var medarbeidar i serien Norske bygder for binda om Setesdal og Vest-Agder om språk/dialektar. I 1927 gav han ut Sogur frå Setesdal, som han hadde skrive opp etter den siste «store» forteljaren i dalen - Olav Eivindson Austad. Han omsette òg mange av dei islandske sagaene til norsk. Han var engasjert til å skrive bygdesoge for Hornnes, og var i gang med dette arbeidet då han døydde brått i 1929.

Torleiv Hannås var leiar for Noregs Mållag 1926–29. Den nynorske boksamlinga hans på om lag 2500 band vart kjøpt av Bergens museum i 1932. Hannaas samla på alt som fanst av nynorsk litteratur før 1929. Om boksamlinga vart det sagt at Hannaas var kjent som ein av Noregs ivrigaste og mest kunnskapsrike boksamlarar.

Familie[rediger]

Far til Torleiv var bonde og skreddar Thomas N. Hannaas (f. 1843, d. 1915). Mora var Anne T. Hannaas (f. Vetrhus 1845, d. 1944).

Kjelder[rediger]