Hovden

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Hovden sett frå Nos 30. september 2017.
Hovden sett frå Hartevatn.
Foto: Geir Daasvatn

Hovden er ein tettstad i Bykle kommune om lag 24 km nord for Bykle kyrkjebygd. Staden ligg nord for Hartevatnet og hadde eit folketal på 397 per 1. januar 2016. Dei fleste bur like sør for sentrum, i området aust for Riksveg 9. Hovden er eit senter for vintersport, staden har kulderekorden for Aust-Agder på 38,0 minusgrader målt 8. januar 1982. I helgene om vinteren fyllest hytter og hotell på Hovden med folk frå heile Agder som vil bruke skianlegga på Hovden Alpinsenter. I høgsesongen om vinteren kan det vere opp til 20 000 menneske som vitjar Hovden samtidig. Andre tilbod til turistar er Hovden Badeland & Spa og Hovden jernvinnemuseum.

Fritidsbustader[rediger]

I 1977 var det om lag 700 hytter i heile Bykle kommune. I 2014 er det 2584 hytter i kommunen. Dei fleste ligg på Hovden, der det har det blitt etablert ei rekke hyttefelt. I sør ved Hartevatn ligg Solheimsmoen hyttefelt, deretter kjem ein til Badstogdalen hyttefelt og Hartevassnuten hyttefelt. Ved Hartevatn vest for sentrum ligg Otrosåsen hyttefelt. Nord for dette ligg Bestestøylen hyttefelt, Djupetjønn hyttegrend og Dyregrenda hyttefelt. Vidare oppover i vest ligg Hovden Fjellpark, Hovdenut Alpin, Hovden Alpin Lodge og Nystøyl hyttefelt. Aust for Riksveg 9 ligg Gumpelia hyttefelt, Marnar hyttefelt, Børtemannsbekken hyttefelt, Remestøylsfloti hyttefelt og Hovdeseter hyttefelt.

Skiløyper[rediger]

Det er rundt 170 kilometer preparerte skiløyper og 34,2 kilometer slalåmløyper i Hovden-området.

Arrangement[rediger]

Det er mange små og store arrangement på Hovden i løpet av året. Mellom dei største er Rekordfestivalen og Hovden Tour. Det store sykkelrittet Color Line Setesdal Tour har mål på Hovden.

Historie[1][rediger]

Jegerar og fangstmenn[rediger]

Dei første spor etter menneske er frå yngre steinalder. Dette var truleg jegerar og fangstmenn. På heia er det funne fangstinnretningar, slik som dyregraver og bogestiller, og på Storhedderen vest ved Langvatnet er det rissa inn runer som kan vere frå omkring år 1050. Dei fortel ei eventyrleg historie.[2]

Busetting/jordbruk[rediger]

Breive 2016.
Foto: Geir Daasvatn

I Breiveområdet, vest for Hovden, er det spor etter jordbruk frå 2800 f.Kr. Men kontinuerleg jordbruk kom seinare, og spor etter korndyrking er funne i dette området frå år 500 e. Kr. Garden Breive er ein av dei eldste i Bykle.

Ferdavegar[rediger]

Det går gamle ferdavegar over heia både mot aust og vest som vitnar om trafikk og behovet for kontakt med andre. Den gamle Ålmannvegen til Hovden gjekk frå Hoslemo via Løyning og Ørnefjell til Breive på vestsida av Hartevatn. Den kortaste vegen vestover til Bleskestad gjekk over Breive. Frå Breive er det om lag 4,5 mil over fjellet til Røldal, der målet kunne vere det heilage krusifikset eller marknadsplassen. Austover fór dei over Tjønnbrotdalen til Byrte og vidare til Dalen, der det og var marknad. Mange stadnamn fortel om ferdsle og bruken av områda i den samanheng. Mellom anna vitnar namnet Hegni om at folk vestfrå overnatta med fedriftene sine på veg over til heia mot aust. Her kunne dyra kvile og finne beite. Ein veit ikkje alltid kor gamle slike ferdavegar er, då dei vart oppretthalde i hundreår, heilt fram til vår tid. I eldre tid var kontakten mot bygda først og fremst knytt til kyrkjelege handlingar.

Gardar[rediger]

Breive- og Hovden-gardane blir kalla Fjellgardane. Breive-garden har vore i kontinuerleg drift i meir enn 1500 år, og utgjer framleis eit særs interessant kulturlandskap. Dei opphavlege Hovden-bruka ligg på vestsida av Otra. Dei eldste husa i dag er frå begynnelsen av 1900-tallet. Tradisjonelt levde folk på Fjellgardane av dyrehald og jordbruk, i tillegg til at sal av fangstprodukt som rjupe og villrein ga kjærkomne inntekter.

På slutten av 1800-tallet kom fleire samefamiliar med reinsflokkar og slo seg ned i Øvre Setesdal. Dette blei starten på ein aktiv periode med tamreindrift, som varte heilt fram til 1978 då dei siste merka dyra vart slakta.[3] Fjellgardane skule, som låg midtvegs mellom Breive- og Hovden-gardane, blei bygd i 1923.

Forbetring av vegar[rediger]

Veg sørover til Bykle kyrkje blei forbetra etter 1900-tallet, då bru over Otra ved Berdalen sto ferdig i 1913. Ikkje lenge etterpå vart han utvida, og brukbar køyreveg heilt fram til Hovden kom først i 1924. Det ein i dag kallar Hovden sentrum, ved Breivekrysset, blei offisielt kalla Hovden Bru tidlegare. Det var brua over Otra til Breive som var det sentrale vegkrysset, og etter kvart sentrum og kommunikasjonsknutepunktet.

Alt i 1918 vart det søkt om veg over heia til Haukeli, men det tok tid. Mykje av arbeidet vart utført som naudsarbeid i 1930-åra. Vegen vart ikkje offisielt opna før i 1939.

Turisme[rediger]

Utbetring av vegar var ein føresetnad for at turistane kunne komme fram, etter kvart med stadig meir hurtiggåande motorkøyrety. Turisme skapte etterspurnad om daglegvareartiklar, overnatting og etter kvart service av ymse slag. Den første krambua på Hovden opna i 1935. Furumo kafé, som har hatt fleire namn gjennom tidene, var ein av dei første serveringsstadene. Den eksisterer framleis.

1911 sette Kristiansand og Oppland Turistforening opp den første Hovdehytta. Det første høgfjellshotellet vart bygd i 1937. Det var stort og imponerande, og hadde bygd eige kraftverk i Otra for elektrisk forsyning. Men alt ni år seinare brann hotellet ned.[4] Samstundes kom fleire gjesteheimar: Bjerkehytta/Soltoppen, Haugly (1954), og Hartvassbu (1950).

Etter 1965 skaut utviklinga på Hovden fart, og konturane av ei storstilt utbygging blei tydelegare. I 1967 opna det nye Hovden Høyfjellshotell.[5] Året etter kom skiheisen. I 1971 kom Triangel Sportell. Hovden Appartementshotell er frå 1979, Badeland opna i 1990, osb.

Dei første private hyttene blei bygd i lia ved Hovdekleiva på slutten av 1950-tallet. Gumpen frå Kristiansand var ein av dei første. I 1970 var det framleis svært få private fritidsbustader.

Sjå også[rediger]

Kjelder og eksterne lenker[rediger]

Referansar[rediger]

  1. I all hovudsak henta frå Kommunedelplan for Hovden, tekstdelen, vedteke av Bykle kommunestyre 27. februar 2014
  2. Bjarne Tveiten, Jernvinna i Setesdal, artikkel i Setesdal og setesdølar 2016, utgjeve av Setesdal sogelag, side 9-16
  3. Bjarne Tveiten, Samehistoria i Setesdal, artikkel i Setesdal og setesdølar 2015, utgjeve av Setesdal sogelag, side 81-90
  4. Johnny Haugen, Hovden Høyfjellshotell - Luksushotellet i «ødemarken», artikkel i Setesdal og setesdølar 2016, side 70-80
  5. Johnny Haugen, Hovden Høyfjellshotell - Luksushotellet i «ødemarken», side 79