Hallvard Sugandi

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Hallvard Sugandi var ein viking som var med i slaget mot Harald Hårfagre i Hafrsfjord rundt år 872. I Landnåmabok er det sagt at Hallvard kom frå Sæter i Hordaland. Men kultursogeforfattar Leonhard Jansen i Valle skriv at det er uråd å finne nokon stad der som kan høve. Han går difor ut frå at forteljaren har teke miss i geografien, og at Hallvard kom frå Setr, altså Setesdal. Også professor Bull (Setesdalen, 1919) meiner det bygger på en misforståelse av geografien, og at Hallvard var frå Setesdal.

Om teorien er rett, er Hallvard Sugandi truleg den første setesdølen ein kjennar namnet til. Men noko sikkert prov for at han verkeleg var frå Valle i Setesdal er etter det ein veit ikkje lagt fram. Han kan til dømes ha kome frå staden Sætre på Osterøy nordvest for Bergen.

Dei fleste som var med på taparsida i slaget ved Hafrsfjord laut røme landet. Mange reiste til Island. Hallvard Sugandi tok seg land på nordvestkysten, i ein fjord som fekk namn etter han, Sugandifjord.

Kjelder