Bygland kommune

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Gaupa er motivet i Bygland sitt kommunevåpen
Bygland sentrum 2016.
Foto: Geir Daasvatn
Reinshornheii, høgaste punktet i Bygland.
Foto: Per Aasen

Bygland er ein kommune og ei bygd i Setesdal. Kommunen grensar i nord til Valle, i aust ligg Fyresdal og Åmli, i sør Froland og Evje og Hornnes, og i vest Åseral, Kvinesdal og Sirdal i Vest-Agder. Bygland har hatt dei same grensene heile tida sidan det kommunale sjølvstyret blei innført i 1837, med eit lite unntak for at garden Søndre Vassend blei overført frå Evje kommune til Bygland i 1855.[1]

Bygland kyrkjebygd er kommunen sitt administrasjonssenter med kommunehus, skular, idrettshall og politi, og ligg ved riksveg 9 aust for Byglandsfjorden. Andre grender utanom Bygland sentrum er Byglandsfjord, Grendi, Longerak, Lauvdal, Jordalsbø, Skomedal, Frøysnes, Ose, Tveit, Hegland, Austad, Sordal, Sandnes og Åraksbø.

Bygland er den nest største i Aust-Agder i utstrekning. Kommunen har 9,18 km² jordbruksareal og 474,63 km² skog. Skoggrensa går på 650 til 700 moh. Ca 80 % av kommunen sitt totale areal er fjell, myr, vann, beite og uproduktiv skog. Størstedelen av kommunen ligg over 700 moh. Dei lågaste områda er ved Byglandsfjorden og Otra på ca. 200 moh. Det høgaste punktet er Reinshornheii på 1 162 m.[2]

Bygland kommune ønskjer å:

  • Leggje tilhøva særskilt tilrette for utvikling av eksisterande og nye arbeidsplassar som er attraktive for yngre arbeidstakarar
  • Utvikle bustadpolitikken slik at det lokale tilbodet om bustad gjer det attraktivt for ungdom og familiar å etablere seg
  • Skape attraktive miljø i kommunen ved å fremje ei berekraftig utvikling, og eit teneste- og servicetilbod som har særskilt merksemd på dei unge sine behov.

Folketal og busetting, areal[rediger]

Bygland med Jordalsbø i bakgrunnen og Byglandsfjorden i forgrunnen.
Foto: Toreid

Bygland kommune er ein triveleg plass å bu, og det er trygt for barn å vekse opp i oversiktlege lokalmiljø. I år 2000 var det 1351 innbyggarar i kommunen. I nasjonale prognoser er det venta at ca. 230 av kommunane i landet vil få nedgang i folketalet frå årtusenskiftet. Sett i eit lengre perspektiv har det vore nedgang i folketalet i Bygland i fleire generasjonar. Hausten 2016 var det 1227 innbyggarar i Bygland.[3]

Kommunen har satsa sterkt på å legge til rette for nye arbeidsplassar, og behalde eksisterande verksemder. Dette har mellom anna ført til at Bygland har hatt fleire arbeidsplassar enn ein «brukar sjølv» på store delar av 1990-talet. Det er betydeleg innpendling frå nabokommunen Evje og Hornnes. Søndre del av Bygland og Evje er ein felles arbeidsmarknad.

I perioden 1985-2000 er det bygd 87 nye bustadhus i Bygland, fordelt med 15 hus spreidd busetnad og 72 i tettbygde strøk (byggefelt). Dei største byggefelta ligg i Bygland / Byglandsfjord.

Innbyggartal etter grunnkrins 1999–2012[rediger]

Graf som viser folketalet i Bygland frå 1999 til 2012. Kjelde SSB.no
Grunnkrins 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012
Byglandsfjord 396 390 375 376 372 367 374 392 389 382 387 401 406 402
Grendi 147 179 186 154 161 163 145 135 133 134 127 132 124 126
Årdal Vestside 15 14 17 18 14 16 21 24 19 13 11 10 12 11
Longerak 55 51 50 51 50 45 45 43 41 42 42 41 41 42
Lauvdal 33 39 41 41 40 38 37 31 32 32 30 34 32 31
Bygland 274 287 289 296 281 312 319 306 294 282 265 256 272 273
Bygland Vestside 1 1 1 1 1 1 - - - - - - - -
Jordalsbø/Lide 93 98 91 88 101 91 93 89 87 86 85 86 89 86
Skomedal 23 24 24 26 22 24 25 26 24 23 24 23 22 21
Frøysnes 13 13 12 12 13 12 15 14 12 13 16 16 17 16
Sandnes/Åraksbø 92 87 89 88 89 93 91 86 87 82 84 80 82 81
Austad Austside 82 80 78 74 69 71 83 81 85 83 80 75 78 74
Ose/Moi 34 32 32 29 30 28 27 27 26 25 21 22 21 20
Langeid/Heggland/Tveit 39 39 39 41 40 43 40 39 38 40 43 37 36 29
Årdal Vesthei - - - - - - - - - - - - - -
Bygland Vesthei - - - - - - - - - - - - - -
Skomedalsheia - - - - - - - - - - - - - -
Frøysnesheia - - - - - - - - - - - - - -
Ose/Moiheia - - - - - - - - - - 4 4 2 2
Langeid/Heggland/Tveitheiene - - - - - - - - - - 1 1 1 1
Kvinaheiene - - - - - - - - - - - - - -
Austad Austhei 1 1 1 1 1 2 2 3 3 3 5 5 - -
Sandnes Austhei - - - - - - - - - - - - - -
Bygland Austhei - - - - - - - - - - - - - -
Årdal Austhei - - - - - - - - - - - - - -
Grunnkrins ikkje oppgjeve - 16 16 18 12 12 10 - 2 2 - - 4 4
Samla for Bygland per år 1298 1351 1341 1314 1296 1318 1327 1296 1272 1242 1225 1223 1239 1219

Areal[rediger]

Areal nytta til: 2011 (km²)
Bustader 0,54
Fritidsbustader 0,66
Bebygd område for landbruk og fiske 0,78
Næring, offentleg og privat tjenesteyting 0,47
Undervisning og barnehage 0,03
Helse- og sosialinstitusjonar 0,03
Kultur og religiøse aktivitetar 0,04
Transport, telekommunikasjon og teknisk infrastruktur 4,16
Grøne områder, idretts- og sportsområder 0,03
Ikkje klassifisert bebyggelse og anlegg 0,12
Jordbruk 9,18
Skog 474,63
Open fastmark 579,97
Våtmark 49,53
Bart fjell, grus- og blokkmark 26,13
Ferskvatn 165,36
Totalt 1311,66

Sentrumsutvikling[rediger]

Bygland om kvelden 5. mai 2016.

Kommunen satsar sterkt på ny utvikling i Bygland sentrum, med blant anna tilrettelegging for IT-miljø i moderne lokale med framført breidband datanett. I sentrum blir det satsa på trivselstiltak, og mellom anna er det opna ein ny ungdomsklubb med data-, multimedia- og musikkutstyr.

Næringsliv[rediger]

Dei største private bedriftene er Byglandsfjord Sag og Serviteur Bygland. Det er fleire verksemder innan varehandel/hotell, med det kjende Revsnes Hotell på Byglandsfjord som det største. I dei største private verksemdene arbeider tilsaman ca. 200 peronar (heil & deltid). Den største einskildverksemda er Bygland kommune, med sysselsettingseffekt på ca. 135 årsverk. I landbruket er det ca 90 årsverk.

Den siste 10-års perioden har næringslivet generelt vore prega av sterk omstilling. Ei særskilt satsing i sentrum er prosjektet "Bygland næringsbed", som er eit forsøk på å legge til rette for IKT-basert næringsutvikling på ein måte som høver for lokalsamfunnet. Kommunen satsar vidare på kompetanseheving og omstilling av det eksisterande næringslivet. Dette skjer via det regionale samarbeidet i Setesdal Regionråd/Setesdal Næringsfond.

I kommunen er det eit stort potensiale for utleige av jakt & fiske. Byglandsfjorden er eit sentralt satsingsområde. Fiske og reiselivsaktivitetar bli utvikla; - foredling / røyking av fisk, overnatting i hytter med meir. Det er ei aktiv jeger- & fiskeforening som disponerer jaktterreng m/hytte for utleige. Fiskekort kan kjøpast i forretningar rundt om i kommunen.

Kultur og fritid[rediger]

Friområdet Tangen.
Foto: Geir Daasvatn

Borna i Bygland har mange tilbod på fritida, og det frivillige organisasjonslivet er aktivt. Den nye ungdomsklubben er kveldsopen onsdag og fredag, og samlar 30-50 undomar kvar gong. Bygland samarbeider med Evje & Hornnes kommune om kulturskule.

I kommunesenteret er det lagt ned mykje midlar på friområdet på Tangen. Her er flott badestrand midt i sentrum. Dette området gjev stor trivsel og godt bumiljø i Byglandsbygda. Det er cafè & pub like ved friområdet, samt eit lite miljø av kunstverksemder i Bygland (glashytte & kunstatelier) som vil bli utvikla vidare (mellom anna sølvsmed). På Nesmoen nær sentrum er også badeplassen Gullsand, med Setesdal Hotel som næraste nabo.

På Byglandsfjord er badeplassen Vassendkilen, regulert som friområde. I Grendi er fine strender for bading. Andre viktige område er Sines, Dalebukta, Rakkenes og Reiårsfossen/Osefita.

Typiske turmål i kommunen er mellom anna Årdalsknapen, Tjuvhola, Fånefjell og Geiteryggen. For heieområda fins turkart med innteikna merka løyper. På vinterstid er en del av løypenettet oppkøyrt for skigåing, og det er fleire lysløyper i kommunen. Om sommaren er det mange fine plassar å reise til med båt på Byglandsfjorden. Frå Byglandsfjord til Ose er det ca. 4 mil med fint farvatn som høver for tur med fritidsbåt.

Geografi og natur[rediger]

Bygland kommune på kart over Aust-Agder

Med eit areal på 1330,7 km² er Bygland den nest største kommunen i Aust-Agder fylke når det gjeld flatevidde. Busetnaden ligg i dalsona over ei strekning på omlag 6 mil frå grensa mot Evje og Hornnes kommune i sør til grensa mot Valle kommune i nord.

Dei lågaste områda i kommunen (ca. 200 moh.) ligg ved Byglandsfjorden og Otra, og det høgaste punktet er Reinshornheii (1162 moh.). Største delane av kommunen ligg over 700 moh. Alle vassdrag i kommunen har avlaup mot sør, og dei største er Otra-, Tovdals-, Kvina-, Mons- og Lognavassdraget. Dei to siste har sitt utspring i kommunen og er varig verna. I kommunen er det ca. 250 000 da. produktivt skogareal og ca. 7500 da. jordbruksareal. Skoggrensa ligg frå 650 til 700 moh. Anna areal (fjell, myr, vatn, beite og uproduktiv skog) utgjer omlag 80 % av totalarealet.

Kommunen har eit godt innlandsklima. Heiane skjermar dalsona slik at busetnaden er lite plaga med vind. Vinterklimaet er relativt mildt med snø i rimelege mengder, og sommaren er ofte varm i lange periodar. Byglandsfjorden virkar stabiliserande og varmeregulerande på klimaet i dalsona. Skilet mellom vestlands - og austlandsklima går gjennom kommunen. Det har vore klimamålingar på Byglandsfjord attende til år 1907, og på Austad i perioden 1897-1926. Desse gamle målingane viste m.a. at ingen andre målestasjonar i landsdelen har lågare registreringar av tåke.

Geologi / gullfunn[rediger]

Storparten av grunnen er grunnfjell. Gneis og granitt er dei mest vanlege. Einskilde sprekksoner har gjeve grunnlag for gruvedrift av t.d. kopar. Geologien er lite undersøkt. I 2001 fekk ein greie på at det er registrert gull i fjellet fleire stader i kommunen. I området ved den gamle Hamregruva, ved Rysefossen på andre sida av fjorden ved Bygland sentrum, er det analysert malmprøver som syner at det kan vere nok gull til at det er drivverdige funn.

Offentleg & privat service[rediger]

Kommunen er stor i areal, og reiseavstanden er over 6 mil frå nord til sør. Innbyggarane har såleis prioritert å få fordela ein del servicefunksjonar også utanom sentrum.

I kommunen er det barneskular på Byglandsfjord og på Bygland, der det også er ungdomsskule. Kommunen satsar på eit godt skule- og skulefritidstilbod, og alle som ønskjer eller treng barnehageplass skal kunne få tilbod om det. Barnehagetilbodet er desentralisert i kommunen.

I tettstaden Byglandsfjord ligg dei fleste største verksemdene, og her finst alle dei mest vanlege servicefunksjonane for innbyggarane i søndre del av kommunen. Her er også avstanden kort til regionsenteret Evje med omsyn til handel.

Ose er sentrum for nordre del av kommunen, og her finst butikk, posttenester, og diverse småverksemder m.a. cafè, brukskunst og sølvsmed.

Kommunesenteret, kommunebygninga rett fram og Jokerbutikken med ordførarens kontor til høgre
Foto: Siri Johannessen
Kommunesenteret Bygland er ikkje stort, men effektivt. Det er god plass til å parkere, og innan gangavstand kan ein finne dei mest brukte private & offentlege servicefunksjonar:

Val i 2015[rediger]

Val i 2011[rediger]

Kjende personar frå Bygland[rediger]

Eksterne lenker[rediger]

Referansar[rediger]

  1. Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VII, utgjeve av Bygland kommune, 2012, side 7
  2. Artikkelen om Bygland i Store Norske Leksikon
  3. Odd Inge Rønning Uleberg, - Kunne vi bare fått tilflytting og flere fødsler., artikkel i Fædrelandsvennen 19. november 2016, side 14