Hovatn (Bygland)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
(Omdirigert fra Hovatn)
Hopp til: navigasjon, søk
Eit nedtappa Hovatn i juli 2016.

Hovatn er eit svært, regulert vatn (691-674 moh.) på heia på austsida av Otra nord i Bygland kommune. Vatnet frå Hovatn, og fleire mindre vatn i området, vert ført i tunnel og utnytta til kraftproduksjon i Hovatn kraftverkHeistad nede i dalen. Hovassåni renn ut av Hovatn og sør-vestover ned dalsida til Byglandsfjorden (Åraksfjorden) nord i Åraksbø-bygda.

Første konsesjon til å demme opp vatnet vart gjeve i 1912. Det kunne då demmast opp fem meter. Det blei sett opp ein 252 meter lang tredam i sørenden av vatnet, og frå 1916 kunne det samlast opp ekstra vatn her inne på heia. På den tida blei vatnet sleppt ut gjennom Hovassåni til Otra, som på den måten fekk ekstra vassføring. Ved ny konsesjon i 1967 blei det gjeve løyve til å senke vatnet med 11,84 meter. Vatnet har no ei vassreserve på 80 millionar kubikkmeter. I 1970 blei Hovatn kraftverk sett i drift av Kristiansand Elektrisitetsverk, og vatnet frå Hovatn overførast dit.

Det er køyreveg inn til vatnet frå Haugetveit i Åraksbø (Hovassvegen) og frå Austad (Røynestøylvegen).

Aust for Hovatn var det planar om å bygge eit stort vindkraftverk. Men i januar 2018 kom det avslag på søknaden om konsesjon frå Olje- og energidepartementet.

Kjelder[rediger]

Sjå også[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...