Blåmenner
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Berit Helga Gudmundson
Blåmenner var eit uttrykk setesdølane tidlegare brukte om folka i dei ytre bygdene, frå Evje og sørover, som ikkje høyrde til det «eigentlege» Setesdal. Dalen frå Evje og sørover blei i staden rekna for Otradalføret. «Utmannbygdene» vart bygdene sør for Bygland gjerne kalla. Folka her var «blåmenner»; dei gjekk blåkledde, dvs. annsleis enn dalefolket. Dei gjekk ikkje i bunad.
Sjå også
Kjelder
- Olav Bø (red.), Setesdal. Folk, kunst og tradisjon, utgjeve av Grøndahl, Oslo 1980, side 29
- Byglands soge, utgjeve av bygdesogenemda i Bygland, 1939, side 12
- Merknader og opplysningar i Gamalt or Sætesdal, nyutgjevinga i 1961, bind III, side 331