Lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering
Hopp til søk
Lokalhistoriewiki.no er ein nettstad, ein fag- og forskningswiki, som vert drive av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket. Wikien har rundt 1 million besøk i året. Alle kan ved å registrere seg som brukar bidra med å skrive nye artiklar om lokalhistoriske tema, redigere eksisterande artiklar eller laste opp bilete.
Artiklane bør ha lokalhistorisk relevans. Ein artikkel bør difor tilfredsstille det eine av eller begge desse hovudkriteria:
- Artikkelen er knytta til lokalhistorien til eit bestemt område eller stad i Norge, frå landsdel til heilt lokalt nivå
- Artikkelen er av direkte nytteverdi for folk som syslar med eller interesserer seg for lokalhistorie, anten artikkelen er knytt til ein bestemt stad eller ikkje
Heile gards- og ættesoga for Bykle, Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes (fem bind), er lagt ut på Lokalhistoriewiki.no. Einkvar kan såleis gå inn der og rette feil og manglar, legge inn bilete, eller utvide eksisterande artiklar.