Setesdalswiki:Såpekasse

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Velkommen til Setesdalswiki. Har du noe du lurer på, eller noe du vil diskutere, kan du skrive her. —--Harald Haugland (diskusjon) 2. mai 2015 kl. 09:45 (CEST)

Såpekasse/Arkiv 2009  · Såpekasse/Arkiv 2010  · Såpekasse/Arkiv 2011  · Såpekasse/Arkiv 2012  · Såpekasse/Arkiv 2013  · Såpekasse/Arkiv 2014  · Såpekasse/Arkiv 2015  · Såpekasse/Arkiv 2016  · Såpekasse/Arkiv 2017


Kommunevåpen, nytt år og rekord[rediger]

Godt nytt år! Artikkelen om Kommunevåpenet i Bygland kommune vart artikkel nr. 88 700. Vi nådde det nye hundretalet 31. desember 2017. Eg hadde ikkje trudd vi skulle runde fleire hundretal i 2017, men denne gongen brukte vi 18 dagar på å runde eit nytt hundretal. Dette var også fjorårets siste dag, med to artiklar til i boks i går, vart totalt antall ved utgangen av 2017 88 702. Tilveksten i 2017 var på 1790 artiklar, 45 meir enn i 2016.

Om vi ser på besøkstal i 2017, er det stor grunn til å glede seg. 110 262 unike gjester besøkte Setesdalswiki i året som gjekk. Dei hadde 180 804 besøk og såg på 1 861 355 sider. Før rekna vi med om lag 400 besøk kvar dag, i desember var det over 550. Så er det bare å halde fram med å utvikle leksikonet vårt i året som kjem. --Harald Haugland (diskusjon) 1. jan. 2018 kl. 19:54 (CET)

Datoartiklar[rediger]

Då vi innførte datoartiklar på Setesdalswiki, vart nettstaden plutseleg utvida med over 75.000 artiklar. Alle datoane frå 1. januar 1800 kom inn i leksikonet. Det endra sjølvsagt ikkje bare mengden artiklar, men også måten leksikonet kunne brukast på. No blir det registrert små og store hendingar på dei aktuelle datoane i tillegg til fødselsdagar og dødsdagar. Årleg gjev det 365 nye artiklar, og medan vi den første tida etterpå oppretta nye datoartiklar bare ei veke framover, er det no ikkje slik begrensning. Når avisa eller andre skriv om noko som skal skje i framtida, hamnar det ofte i ein datoartikkel på Setesdalswiki. Målet er jo å spegle hendingar i Setesdal særleg, men også i dei indre bygder.

Den siste veka fekk vi hendingar inn i datoartiklane for aprildagane 1940, så det er ikkje bare aktuelle hendingar som kan registrerast. Om mange historieinteresserte hadde vore med i dugnaden, kunne vi nok fått endå meir slikt stoff inn, men det får kome etter kvart.

Datoartikkelen for 26. mai 2018 kom i dag og blei artikkel nr. 88 800. Klikk på lenka, så ser du kva som hender den dagen. --Harald Haugland (diskusjon) 27. jan. 2018 kl. 13:42 (CET)

Avisa[rediger]

Eg har mange gonger gitt uttrykk for nytta som Setesdalswiki har av Setesdølen. Leksikonet kan bruke lokalavisa som kjelde for artiklar. Avtalen vi har med avisa om å kunne skrive inn overskriftene, legg grunn for lenker som blir til artiklar basert på det som står i avisa. Denne gongen var det vår artikkel Setesdølen nr. 15, 2018 som førte til at vi runda artikkel nr. 88 900. Vi brukte ein knapp månad på det. Nå er snart februar over, så når mars er over, har vi nok runda eit nytt tusental om vi held fram i same tempo. Harald Haugland (diskusjon) 23. feb. 2018 kl. 23:35 (CET)

Hurra![rediger]

I går kveld runda vi 89 000. Det skjedde med artikkelen Glømstre, som Geir Daasvatn skreiv. Han hadde også bilete i artikkelen, så du lett kan sjå kva den handlar om. Eg har tidlegare skrive at vi gjerne skulle nådd 100 000 artiklar innan vi blir 10 år, men då treng vi 11 000 nye artiklar. Det blir om lag tusen i månaden, og då må tempoet skruast opp mykje, for no brukte vi om lag tre veker på 100. Harald Haugland (diskusjon) 15. mar. 2018 kl. 12:36 (CET)

Oppe igjen[rediger]

Det var ein strek i rekninga at Setesdalswiki gjekk ned i påska 2018 og var nede frå midt på dagen 29. mars 2018 til om kvelden 2. april 2018. Når serveren i Oslo går ned medan ein er på påskeferie i Mandal, er det bare å vente til ferien er over, om ein ikkje skal bryte av for å fikse feilen, då. Men fem-seks timar kvar veg i bilen, det vart for mykje denne gongen, så vi måtte bare vente. Heldigvis er det ikkje ofte det skjer. Harald Haugland (diskusjon) 3. apr. 2018 kl. 10:51 (CEST)

Sølvtina[rediger]

Artikkelen om Sølvtina vart artikkel nr. 89 200. Ideen til å skrive den artikkelen fekk eg då eg rota litt rundt for å sjå om wikipedia hadde ein slik artikkel, men der er ein nok meir opptekne av urbane tilhøve, så ordet var ikkje å finne i tekstmassen deira, No ligg det ein artikkel om emnet her, så om folk lurer på kva det er, kan dei finne informasjon hos oss. --Harald Haugland (diskusjon) 28. apr. 2018 kl. 23:32 (CEST)

Plutseleg[rediger]

Eg hadde planar om ein artikkel, men ville bare ha ein formiddagslur først. Då eg kom tilbake til datamaskinen, var plutseleg artikkel nr. 89 400 på plass, skriven av Geir Daasvatn, som eigentleg hadde planlagt ein tur med Bjoren i dag, men som rakk ein artikkel før han for ut.. Den handla om Haavardstad (Iveland gnr. 46). Då eg så skulle skrive om det på såpekassen, viste det seg at eg hadde gløymt å skrive om då vi runda forrige hundretal. Det syner seg at vi brukte akkurat to månader på 200 nye artiklar, så farten har ikkje vore avskrekkande stor, sjølv om det er nok å skrive om i desse sommartider også. Vi tenkjer ofte at det skjer ikkje så mykje om sommaren, men sjå no bare på dagen i dag, 24. juni 2018. I går kveld hadde vi ei hending, no er lista lang. I dag tidleg var Setesdalswiki nede, klokka vart mest 11 før vi kom i gang att. Men då kom det ganske mykje. Etter kvart er det svært mykje å lese på Setesdalswiki, så du finn sikkert noko av interesse om du er interessert i liv og tilhøve i dei indre bygder av Agder. --Harald Haugland (diskusjon) 24. jun. 2018 kl. 17:38 (CEST)

Gruvedrift og geologi[rediger]

Artikkelen om Feltspat vart nr. 89 500. Geir har teke for seg fleire av bergartane og gitt artiklane ein lokal vri, og det er jo det som er heile føremålet med Setesdalswiki, å gje ein lokal vri til generelle tilhøve. Vi brukte litt over ein månad denne gongen. Så får vi sjå korleis det ber i veg vidare utover sommaren. Kan hende tek produksjonen av nye artiklar seg opp når det blir mindre varmt i veret, --Harald Haugland (diskusjon) 26. jul. 2018 kl. 10:53 (CEST)

Bortelid[rediger]

Artikkelen om Bortelid Utmarkslag vart artikkel nr. 89 600. I Setesdølen nr. 57, 2018 var det eit oppslag om tømming av Bortelidtjønna, og den jobben blir gjort i regi av Bortelid Utmarkslag, så då var det naturleg å skrive ein artikkel om dette selskapet. Dei hundre artiklane kom på 18 dagar, så no har farten auka litt igjen. Om det held fram slik, er ikkje godt å seie, men det er nok av fjell og vatn å skrive om framover om ein ikkje skal skrive om personar, då. --Harald Haugland (diskusjon) 13. aug. 2018 kl. 20:10 (CEST)

Nede[rediger]

I sommar gjekk Setesdalswiki ned ein dag i juli. Det var midt i ferien, men Helge tok turen til Oslo for å få nettstaden i gang att. I dag skjedde det same, Setesdalswiki var nede då eg skulle skrive i dag, men no var han i Oslo, så i ettermiddag fekk han restarta systemet, og så var det i orden att. Vi har etter hendinga i sommar hatt kontakt med Setesdal IKT for å finne ut om dei kan hoste Setesdalswiki. Der er det folk døgnet rundt, så det ville vore eit pluss. Men det er fleire forhold som spelar inn, til sjuande og sist må vel saka diskuterast i eit styre eller noko slikt. Vi får sjå kva som skjer. --Harald Haugland (diskusjon) 31. aug. 2018 kl. 23:03 (CEST)

Diktsamling[rediger]

Artikkelen om diktsamlinga Rein skog av Oddbjørn Aardalen vart artikkel nummer 89 700. Den kom i går, det var Geir Daasvatn som hadde ein stim av artiklar der denne kom med. Slike artiklar er også viktige på Setesdalswiki og vi har for få av dei. Men det kan bli fleire. Det gjekk bare ei god veke på hundre nye artiklar denne gong. Vi klarar neppe det tempoet framover, men vi får sjå korleis det går. --Harald Haugland (diskusjon) 9. sep. 2018 kl. 23:32 (CEST)

Oppgradering kommer[rediger]

Setesdalswiki har lenge kjørt trygt og godt på serveren sin uten for mange avbrudd som skyldes programvaren. Likevel må programvaren i data-verdenen hele tiden oppdateres. En større oppgradering av serverens operativsystem står for tur. Andre programmer må også oppdateres samtidig siden disse er avhengig av hverandre. Setesdalswiki vil derfor bli ustabil eller utilgjengelig søndag 28. oktober 2018.

Versjonsoppgraderinger[rediger]

Gammel versjon Ny versjon
Ubuntu OS 14.04 LTS 18.04 LTS
PHP 5.5 7.2
Maps 4.0 6.0
Mediawiki 1.27 LTS 1.31 LTS

Andre oppgraderinger som er nødvendige.

-- Administrator Helge Haugland (diskusjon) 9. okt. 2018 kl. 22:32 (CEST)

Oppgraderingene er gjennomført og alt skal være tilgjengelig. Det brukes et nytt kart, så det kan se forskjellig ut fra tidligere. Håper alt virker nå. Gi beskjed om du finner noe som ikke virker.
--Administrator Helge Haugland (diskusjon) 28. okt. 2018 kl. 19:37 (CET)

90.000 artiklar[rediger]

I dag runda vi ein milestein då Siri Johannessen la inn artikkel nr. 90 000. Den handla om Piet Kee, ein nederlandsk komponist og organist. Det var altså ikkje ein setesdøl, men ein nederlendar som fekk artikkel med rundt tal denne gongen. Setesdalswiki har ikkje bare artiklar om folk frå dalen og dei indre bygder, men også om folk som er til dømes utøvarar i Valle Radio, og ettersom Valle Radio er den einaste radiokanalen i Norge med faste orgelprogram, dukkar gjerne utanlandske komponistar og organistar opp i våre artiklar. Ofte er det ikkje informasjon på norsk om desse, så dersom folk googlar dei, vil dei lett hamne hos oss. Kan hende dei då les andre artiklar på Setesdalswiki når dei først er innom nettstaden. I tillegg syner det seg jo at sjølv om vi skriv regionalt og lokalt, er det mange tilknytningspunkt til nasjonalt og internasjonalt, og desse er det fint å peike på.

Sist gong eg skreiv på Såpekassen, hadde vi 89 700 artiklar. Det var 9. september 2018. Vi brukte altså vel tre månader på 300 artiklar. Forrige tusental runda vi 15. mars 2018. Ved inngangen til 2018 hadde vi 88 702 artiklar, så til no i år har vi fått 1298 nye. Tilveksten i fjor var på 1790 nye, men det var rekord, normal tilvekst ligg nok heller på om lag 1400. Takk til Siri for artikkelen som gav nytt rundt tal så vel som artiklar om andre komponistar og organistar (og alt anna). --Harald Haugland (diskusjon) 11. des. 2018 kl. 11:55 (CET)

Ved årsskiftet 2018-2019[rediger]

Den siste artikkelen som vart oppretta i 2018 var artikkelen om Rysstadmo. Då hadde vi 90 070 artiklar. Ved årsskiftet i fjor hadde vi 88 700 artiklar, så tilveksten var 1370 nye artiklar i året som gjekk. Det er langt færre enn i fjor, då tilveksten var på 1790, men det var også svært høgt. Vi må heilt tilbake til 2013 for å finne eit lågare tal enn i år.

Når det gjeld unike gjester, var det på 112 882. Dei hadde 191 328 besøk og Setesdalswiki hadde 1 679 311 sidevisningar. Besøkstalet var i gjennomsnitt 524 kvar dag.

På dei to første dagane av 2018 vart det oppretta 11 nye artiklar. Om vi held det tempoet heile året, vil det bli 2000 til saman. Det er nok eit hårete mål, men aktiviteten dei første par dagane er ein god start på det nye året. Godt nytt år! --Harald Haugland (diskusjon) 2. jan. 2019 kl. 22:39 (CET)

Lange artiklar[rediger]

I dag fekk vi ein ny lang artikkel på Setesdalswiki, Kva har Haugerørsla hatt å seie for Evje og Hornnes? Den vart artikkel nr. 90 100. Det er Erik Kjebekk som har skrive den, men han seier at det er best at eg legg han ut, slik eg har gjort med eit par andre artiklar, for han er usikker på det datatekniske. Lange artiklar er flott, sjølv om det ikkje er så mange av dei. Med artikkelen vi fekk i dag vil det også vere naturleg å få på plass fleire artiklar om haugianarar frå regionen. Forrige hundretal runda vi 11. desember 2018, så vi brukte vel tre veker denne gongen. --Harald Haugland (diskusjon) 5. jan. 2019 kl. 23:43 (CET)

4. mai 2019[rediger]

4. mai 2019 vart artikkel nr. 90 200. Denne dagen er det Europris vårcup i fotball på Evje, og det var grunnen til at artikkelen vart oppretta heile tre månader før hendinga startar. Vi er blitt flinkare til å registrere også hendingar som skjer litt langt fram i tid, og denne gongen brukte vi også vel tre veker på hundre artiklar, frå 5. januar 2019 til 27. januar 2019. --Harald Haugland (diskusjon) 27. jan. 2019 kl. 11:44 (CET)

Ny datoartikkel - nytt hundretal[rediger]

14. mai 2019 vart artikkel nr. 90 300. Geir Daasvatn hadde ein raptus i dag og la inn datoar frå Norkirken Evje sitt vårprogram, og dermed vart det mange nye datoartiklar. Frå 27. januar til 11. februar er vel bare 14 dagar, så denne gongen gjekk eit hundretal fortare enn det har gjort dei siste gongene. Så får vi halde på mot nytt hundretal i løpet av februar og sjå om vi kan halde same tempoet. --Harald Haugland (diskusjon) 11. feb. 2019 kl. 10:57 (CET)

Fredagssending[rediger]

Artikkelen Fredagssending i Valle Radio 20190301 vart artikkel nr. 90 400. Vi brukte vel to veker på nytt hundretal denne gongen, og vi nådde nytt hundretal i løpet av februar. Dermed produserte vi nesten 200 nye artiklar i løpet av den kortaste månaden i året. Så spørs det om vi klarar like mykje i mars. --Harald Haugland (diskusjon) 1. mar. 2019 kl. 19:33 (CET)

Politikarar[rediger]

Det vart ein politikarstubb som vart artikkel nr. 90 500. Jan André Myhren er ordførarkandidat for Høyrelista i Iveland 2019. Han hadde eit lesarinnlegg i Setesdølen nr. 23, 2019 og dermed vart det ein liten stubb. Men det er ein av dei kortaste artiklane vi har i nettleksikonet, for googling gav få treff. Likevel så runda vi eit nytt hundretal, vi brukte nesten fire veker denne gongen, så produksjonen har ikkje vore særleg høg i mars. Men vi får sjå om våren skapar meir driv framover. Dei politske listene er jo ei utfordring for ein leksikonskribent. --Harald Haugland (diskusjon) 25. mar. 2019 kl. 10:23 (CET)

23 dagar[rediger]

Artikkelen om Knut O. Mosdøl vart artikkel nr. 90 600. Denne gongen gjekk det 23 dagar på å klare eit nytt hundretal, så ein kan vel ikkje seie at hastigheten er særleg stor samanlikna med kva vi har hatt tidlegare. Produksjonen går i rykk og napp, no er det mange røde lenker i dei politiske listene, men også overskriftene i Setesdølen får stadig røde lenker. Så her er mykje å ta av om ein er skrivelysten. Om vårslapphet slår inn eller skrivelysten held seg, det vil syne seg framover. --Harald Haugland (diskusjon) 18. apr. 2019 kl. 23:23 (CEST)

Skyting[rediger]

Artikkelen om 28. august 2019 var artikkel nr. 90 700. I Setesdølen nr. 39, 2019 hadde Årdal Skytterlag ein annonse om storviltprøva 2019 med alle datoane for skyting. Eg tenkte at eg kunne skrive dei inn, så låg dei der. Og dermed runda vi eit nytt hundretal. Denne gongen brukte vi lenger tid, over fem veker på å klare eit nytt hundretal. Enno er det tre datoar i september som må på plass før alt er dekka. Og så må ein dato i august inn, det er under Landsskytterstevnet 2019, så den veka blir det mykje skyting. --Harald Haugland (diskusjon) 27. mai 2019 kl. 13:20 (CEST)

Teltmøter[rediger]

Artikkelen om Teltmøter på jordet i Krossen 2019 vart artikkel nr. 90 800. Også denne gongen brukte vi vel tre veker. Vi bør vel klare nytt tusental før sommaren er over, i det minste. No går vi laus på eit nytt hundretal, så får vi sjå om inspirasjonen til å skrive held seg også når det er sommar. --Harald Haugland (diskusjon) 19. jun. 2019 kl. 21:55 (CEST)