Longerak

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Longerak før 1920 (Frå Byglandskalenderen 1988)
Det gamle skulehuset på Longerak.
Siri Johannessen (2013)
Longerak november 2016.

Longerak er ei bygd på austsida av Byglandsfjorden sør i Bygland kommune. Bygda ligg ved riksveg 9 mellom Grendi og Lauvdal. Longerak høyrer til Årdal sokn og er ein eigen grunnkrins i kommunen. I 2012 budde 42 personar her[1]. Arealet er på 23,61 km² (5,55km² ferskvatn, og 18,06 landareal)[2].

Bygdestova på Longerak ligg ved vegen gjennom grenda på Monen sin grunn, og den gamle bygdeskulen ligg litt lenger sør ved Oppistog. Sør i bygda, rett før vegen gjennom Longerak tek av frå riksveg 9, ligg Longerak Hyttesenter og Camping. Hyttene som høyrer til Longerakhyttene ligg både sør og nord for bygda. Oppe i lia på austsida av riksveg 9 bygde tuberkulosesanatoriet på Landeskogen eit kraftverk som nyttar ein del av vatnet frå Longeraksåni, og kraftproduksjonen starta i 1916.

Frå 1. juli 1898 til 31. oktober 1967 hadde bygda eige posthus i Innistog, og seinare fekk dei og telefonsentral her. 1. juli 1925 skifta poststaden namn frå Langerak til Longerak. Bygda har no (2012) postnummer 4745 Bygland. Den første postopnaren var Torgeir Olavson Langerak, og frå 1. oktober 1921 styrde Ingebjørg Langerak telefonen[3]. Dampskipsruta mellom Byglandsfjord og Ose la til ved Brygga i Innistog.

I Monen låg Setesdals Landbruks- og Husmorskule.

Historia[rediger]

Den fyrste skriftlege kjelda[4] som omhandlar Longerak (då nemnd «Longerack») er eit diplom frå 1563[5], men sjølve garden er mykje eldre. I diplomen stadfesta Roer Rolleuson og Biørn Aadson, lagrettemenn frå Evje sogn i Råbyggelaget, at Theu (Thof?) Østenssøn selde ein del av garden «Longerack i Ordall» (Årdal) til Jørund Svenungssøn under eit ting på kyrkjegarden ved Årdal kyrkje («Ardals kiercky gar»). Garden hadde kona til Østenssøn arva etter foreldra sine, og prisen var «1 Mark Guld».

Reidar Bolling skriv i si gards- og ættesoge for Bygland[6] at Innistog truleg er det eldste bruket på Longerak, og det er uvisst når det blei kløyvd i mindre delar. Søbø skal ha blitt rudd seinare, og utanom den fyrste Longeraksgarden. Etter Innistog kom Attistog, og då dei grov ut til grunnmur for eit nytt bygg på Innistog i 1922 fann dei kjellargrova etter dei gamle husa på Attistog. Attistognamnet råka i ubruk, medan Monen tok over. Kvar Knutstog-stova opphaveleg låg er uvisst, men det er funne spor i åkeren nordvestføre Innistog-husa som tyder at det ein gong har vore hus der – og ildebrann. Det er godt mogleg å tenkje seg at «Knut» så har bygd husa opp att der dei står no, men sikkert er det ikkje. Oppistog-stova som brann ned tidleg i 1800-åra låg ved den øvre enden av Innistoghagen, ved postvegen, men vert bygd opp att lengre opp i bakken i 1830-40-åra ein gong.

I gamle dagar var inndelinga av inn- og utmark innfløkte. Sameige i slåtte- og innmark var vanleg, nett som i bubeitet, dyrka innmark og ein del av skogen. Det var og så på heia, der slåttane låg omeinannan. I 1845 tok utskiftingane til, og grensene mellom dei ulike bruka blei etter kvart enklare.

Longeraksåni var ei god kvernelv, attmed hovudvegen låg Knutstog si kvern, og oppfor denne låg Frøyraksgardane si – dei hadde ikkje eigen kvernbekk. Vidare oppover låg kverna til Søbø, med Innistog og Oppistog sine kverner på kvar sin side av elva heilt øvst. I elva var det fleire stampar som blei nytta til stamping av vadmålet som dei vov på gardane. Den eldste var Gunstein Jørundson si, og den låg eit halvt hundre meter nedanføre kvernane til Innistog og Oppistog. Åsmund Olsen på Holte sin stamp stod i elva litt nedanføre Longerak kraftverk og blei nytta heilt fram til omkring 1905.

Elva vart og nytta til å drive sager, ei lita sirkelsag skal ha stått omlag 150 m aust for hovudvegen. Jørund Langerak og Eivind Risdal skal ha sett saga opp i 1870-80-åra, og ho var i drift fram til 1890-åra. Torgeir Langerak tok seinere over parten til Eivind Risdal. I 1896 sette Sveinung Skjevrak opp ei litt større sag attmed hovudvegen, denne blei lagt ned 1918-20.

Støylane var viktige i eldre tider, og antalet «sæterboel» som låg til ein gard blei rekna med i verdien ved sal og beskatning. Ein gard kunne ha fleire støylar, og Innistog hadde ein av dei fire på Tveitå, og ein av fire i Lia. Bergland var Monen sin, og i tillegg åtte Monen ein av to i Lauvlid. Knutstog hadde ein støyl på Longebu og ein i Lauvlid, medan Oppistog åtte ein på Tveitå, ein i Lia og i Sollidkilen. Øvre- og Nedre Søbø hadde ein kvar i Lia og på Tveitå.

Gardar i Longerak[rediger]

Longerak har gardsnummer 54. Tabellen er sett opp etter Reidar Bolling si inndeling[7].

Innistog, gnr. 54/1
Monen, gnr. 54/2
Knutstog, gnr. 54/3
Oppistog , gnr. 54/4
Øvre Søbø, gnr. 54/5
Huset, gnr. 54/7
Nedre Søbø, gnr. 54/8
Vittenberg, gnr. 54/10

Strandheim, gnr. 54/13
Solbakken, gnr. 54/20
Einerholtet, gnr. 54/21
Vollen, gnr. 54/22
Holtet, gnr. 54/23
Høgevoll, gnr. 54/26
Holland, gnr. 54/?

Referansar[rediger]