Bykle kyrkjebygd

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Bykle kyrkjebygd i juni 2016.
Bykle kyrkjebygd har namn etter den gamle kyrkja som har stått i bygda i fleire hundre år.

Bykle kyrkjebygd er ein tettstad og administrasjonssenteret i Bykle kommune øvst i Setesdal. Staden kallast óg bare Kyrkjebygdi etter Bykle gamle kyrkje som har stått i sentrum av bygda sidan 1600-talet. I 2004 tok Bykle kyrkje rett ved sida av gamlekyrkja over som soknekyrkje for Bykle sokn. Det er 239 innbyggjarar i tettstaden (2015).

Stadnamnet Bykle kjem frå garden Byklum, som i sin tur har det frå vatnet Bykil.

Bygda ligg på delar av eigedomane til tre matrikkelgardar: Byklum, Mosdøl og Gjerden.

Sjå også[rediger]

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...