Eivind Torkjelson Lande
Eivind Torkjelson Lande | ||
---|---|---|
Født: | 1758 | |
Død: | 9. mai 1833 (alder 74–75) |
Eivind Torkjelson Lande (døypt 1. januar 1759 i Årdal kyrkje, Bygland, død 9. mai 1833 same stad)[1][2] var gardbrukar på Øvre Lande i Grendi, tømmermerkar og eidsvollsmann.
Han vart fødd i Åsen og døypt, konfirmert og gravlagd i og frå kyrkja i Grendi. Det var små kår på garden, og Eivind måtte tidleg jobbe for føda. Før han blei vaksen heldt han seg i heradet, drog berre litt nordover til Skreland i Jordalsbø og vart gjetargut der. Etter konfirmasjonen reiste han lengre, og jobba mellom anna i Telemark. Han var med på slåtten i Heddal og Åmotsdal og på vintrene arbeidde han med skipsbygging i Skien. Eivind var óg den første tømmermerkaren i Setesdal, han kjøpte tømmer for Ola Clausen Mørch som også var eidsvollsmann.
I bygda var Eivind Lande óg kjend som ein god smed og spelemann. Han skal ha spelt i omkring 70 bryllaup. Både Eivind og sonen Tor var dugelege rosemålarar. Eivind var som rosemålar sterkt påvirka av Fjotland-stilen frå Vest-Agder, medan sonen var mest prega av stilen frå Telemark. Nils Ellingsgard fortel i boka Norsk rosemåling at sonen vart ein god og fantasifull rosemålar med god fargesans[3]. Norsk Folkemuseum har bollar og kister måla av både far og son, mellom anna ein ølbolle med ein diameter på rundt ein halv meter.
Det finnes ingen bilete av Eivind, men Eivind N. Bygland fortel i Bidrag til Agders historie at «Eivind var medels høg, tjukk og tett vaksen og andlitsven. Han var fullt sterk og ein nerka kar.»[4].
Eidsvollsmann
- Sjå også: Eidsvollsmenn frå Setesdal
I 1814 vart Eivind Lande fyrst vald som valmann for Bygland. I amtsvalet i Råbyggjelaget vart han vald som andre representant til riksforsamlinga. 19 representantar støtta han, 15 lensmann Olav Knutsson Tveiten frå Valle og 23 sorenskrivaren i Østre Råbyggelag, Thomas Bryn[5]. Han reknast med til Unionspartiet, samstundes som han var ein sterk forsvarar av odelsretten[6]. Dette gjer at han ikkje er heilt liketil å plassere. Eivind Lande var blant dei mest aktive av bonderepresentantane. Han arbeidde saman med Theis Lundegaard for å sikre at bøndene fekk ein så stor part som mogleg av stortingsrepresentantane, og han skreiv saman med andre bonderepresentantar på Riksforsamlinga eit godt innlegg om odels- og åseteretten. Kravet var at rettane skulle førast attende til slik dei var føre lovendringa i 1811. I 1999 skreiv Stein Ørnhøi:
«... Even Lande var sta og meningssterk, men hadde stor autoritet. Han var også kjent som lofthusmann og bar med seg en sterk skepsis mot embetsverket. Så når han endte som tilhenger av union var det neppe av lojalitet til sorenskriver Bryn eller de andre embetsmennene fra landsdelen. Snarere var det nok tømmermerker Lande som merket krig og blokade. Lande merket nemlig tømmeret for Kristiansands store tømmerhandler Ole Clausen Mørch. Og Mørch var valgt som representant nr. 2 fra Kristiansand. ...»[7] |
Eivind Lande vart vald til andre varamann til Stortinget i 1818, og fyrste varamann i 1821.
Heradsstyret sette i 1912 til ei nemnd som skulle arbeida for å reise ein bauta på grava til Eivind ved Årdal kyrkje. Dei gjorde eit godt arbeid, og på hundreårsdagen for møtet på Eidsvoll vart den avduka av amtmann Aarrestad[8].
Ætta
I 1788 vart han trulova og gift med Gyro Torsdotter Lande[9]. Det var ikkje lett for dei å få gifte seg, for Tor, far til Gyro, ville ikkje ha ein frå så små kår til verson. Historia om Eivind si friarferd er bevart i nokre stev, som ender med at Tor måtte la dei gifte seg[10]. Gyro og Eivind busatte seg på Neset, som Gyro ervde. Der budde dei i 1801 med sønene[11]. Seinare tok dei over Øvre Lande i Grendi. Dei fekk sju born, men to av dei døydde tidleg. Andre stifta sjølv familie, og det er ei stor etterslekt etter Eivind og Gyro. Mange av etterkommarane bur i Bygland.
Eivind Lande døydde på Lande den 9. mai 1833, og vart gravlagd frå Årdal kyrkje den 17.[12]. I kyrkjeboka er det skrive at han var eidsvollsmann. Sonen Tor Eivindson Lande tok over Øvre Lande.
Etterslekta
Grunnlova sitt 200-års jubileum i 2014 ga Riksarkivet ide til å lage eit oversyn av etterslekta til alle eidsvollsmenn. Arbeidet vart gjort av frivillige som er interessera i historie og slektsgranskning, men rettingar, bilete og meir informasjon er velkomment.
Referansar
- ↑ Bygland, Ministerialbok nr. A 1 (1725-1766), «Fødte og døpte 1759»: No 1 ? 1 januar: Døbt udi Aardahls Kirke, Torkel Aasens søn. Nom: Eivend fadd. Karen Lan[de?] Christensdatter Gunder Lande.
- ↑ Bygland, Ministerialbok nr. A 3 (1816-1841), «Døde og begravede 1833, side 227-228»
- ↑ Ellingsgard, Nils: Norsk rosemåling («Aust-Agder»), s. 168, Oslo : Samlaget, 1981
- ↑ Bygland, Eivind N.: «Eidsvollsmann Eivind Torkjelson Lande 1759–1833» i Bidrag til Agders historie. Hefte I, side 69–75, 1914
- ↑ Finants-Committeen: Riksforsamlingens forhandlinger. 2 : Adresser og fuldmagter, «Raabygdelagets Amt», s. 292, Kristiania: Grøndahl & Søns Boktrykkeri, 1914
- ↑ På nordmanns vis: Norsk folkemuseum gjennom 100 år, «Rosemaler og eidsvollsmann» s. 118, Aschehoug, 1993
- ↑ Ørnhøi, Stein (1999): «Egder på Eidsvoll». Artikkel i: Seland, Bjørg (red.): Agderbenken. Landsdelens representanter på Stortinget fra 1814 til 1990-tallet. Kristiansand 1999
- ↑ Aasulv Lande Sr.: «Kommunestyringi. XXII. Aasulv Lande.» s. 98, i Byglands soge, Kristiansand 1939 (faksimile 1970).
- ↑ Bygland, Ministerialbok nr. A 2 (1766-1816), «Ekteviede 1788, side 165»
- ↑ Bygland, Eivind N.: «Eidsvollsmann Eivind Torkjelson Lande 1759–1833» i Bidrag til Agders historie. Hefte I, s. 71, 1914.
- ↑ Folketeljinga 1801: Bygland, Årdal sokn
- ↑ Bygland, Ministerialbok nr. A 3 (1816-1841), «Døde og begravede 1833», side 227-228