Sigrid Bø
Sigrid Bø![]() | ||
---|---|---|
Født: | 14. februar 1946 (79 år) |
Sigrid Bø (fødd 14. februar 1946) er professor emerita i kulturhistorie/kulturvern ved Universitetet i Sør-Øst-Norge/Telemark distriktshøgskole. Ho er cand.philol. med hovudfag i historie (andre fag: norsk, folkeminnevitenskap, etnologi og pedagogikk). hovudoppgåva hennar var Landtal, leidang og agrarkrise : busetnadshistorie i Valle ca. 1350 -ca. 1650. I 1973 vart ho konsulent hos skolesjefen i Oslo (Avd. for pedagogisk utvikling). Deretter var ho lektor ved Orkdal gymnas eit år og høgskolelektor ved Nordland distriktshøgskole 1975/76. Frå 1982 til 1984 var ho distriktskonservator og styrar ved Setesdalsmuseet.
Av verv kan nemnast styremedlem i Midt-Telemark avdeling av Human Etisk Forbund, Bø Bygdemuseum, Telemark Museumslag, Landslaget for lokalhistorie og Nordisk forbund for lokalkultur.
Bibliografi
- Sigrid Bø og Jarnfrid Kjøk: Lekamslyst: om erotikk i norsk folkedikting. Novus forlag, Oslo 2008
- Sigrid Bø og Jarnfrid Kjøk: Lekamslyst: om erotikk i norsk folkedikting II. Novus forlag, Oslo 2015