Moi (Bygland)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Me ser Moifjellet litt til venstre i biletet, men busetjinga på Moi rett under fjellet.
Moisletta.
Foto: Geir Daasvatn
Moi 12. januar 2017.
Foto: Geir Daasvatn

Moi er ein gard (gnr. 12) og ei lita grend på vestsida av Otra, nord-vest i Bygland. Busetnaden ligg på ei stor flate, Moisletta, mellom Otra og Moifjellet. I sør grenser Moi til Ose og i vest mot Tveit. Nord for Tveit gjer Setesdal ein brå sving mot vest, mot Granheim.

Namnet[rediger]

Moi kjem av gamalnorsk mór, som tyder mo, ei tørr sandslette. Moi er dativforma av mo, og er då altså garden på moen.[1] Ein finn det same gardsnamnet på Moi i Hornnes lenger sør i dalen. Også den garden ligg på ei svær sandslette.

Heimar og bruk på Moi[rediger]

Historie[rediger]

Rundt åkermarka på Moi ligg det fleire gravhaugar frå jernalderen. Men omfattande arkeologiske utgravingar på Moi i 2007 viste at det sannsynlegvis har vore samanhangande gardsbusetjing her heilt frå yngre bronsealder (1100-500 f.Kr.), gjennom jernalderen og opp til vikingtid - mellomlalder.[2]. Dette var oppsiktsvekkjande funn, for fram til då var den forhistoriske gardsbusetjinga i Setesdal tilnærma ukjend. Gardsgrensekartet tyder på at Moi, Ose og Tveit kan ha vore éin gard i eldre tider. Det verkar også truleg at Frøysnesgarden har vore del av ein større gard i tida før mellomalderen, slik at Tveit, Moi, Ose og Frøysnes har vore éin gard. Det er ikkje utruleg at denne garden igjen har gått ut frå Hegland. Heile området frå bytet med Langeid i nord til Skomedal i sør, og frå Otra i aust til Kvina i vest, kan såleis ha vore éin kjempegard.[3]

I dei skriftlege kjeldene dukkar garden Moi ikkje opp før i 1595. Det kan gi grunn til å tru at garden vart lagt øyde ein periode, sannsynlegvis som eit resultat av Svartedauden.[4] Så er han blitt rydda og tatt opp igjen ein gong i seinmellomalderen eller omkring reformasjonen.[5]

Kart[rediger]

Laster kart...

Referansar[rediger]

  1. Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind II, utgjeve av Bygland kommune, 2003, side 467
  2. Gaute Reitan, Moi i Bygland, artikkel i Spor i Setesdalsjord, Aust-Agder fylkeskommune og Bokbyen Forlag, 2014, side 71
  3. Bygland gard og ætt, bind II, side 467
  4. Spor i Setesdalsjord, side 72
  5. Spor i Setesdalsjord, side 73