Otredal prosti
Hopp til navigering
Hopp til søk
Otredal prosti er ei administrativ eining i Agder og Telemark bispedømme. Ho vart skild ut frå Torridal prosti etter 1946[1], og omfattar fellesråda i Vennesla, Iveland, Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Hylestad og Bykle. Prostestillinga er på 50 prosent, og det har dei seinare åra vore tradisjon at prostesetet er i Vennesla.
Fram til 2004 var prestetenesta organisert i prestegjeld, noko som då vart forandra til kyrkjelege fellesråd.
Prostar
- 1946 – Tobias Bernhard Ekeland (Konstituert)
- 1948 – 1950 Olav Uberg (Prostiprest)
- 1955 – 1958 Sigurd Roe (Sokneprest i Bygland 1947 – 1958)
- 1961 – 1966 Halvor Norgaard
- 1967 – Olav Uberg (Konstituert prost, sokneprest i Bygland 1959 – 1979)
- 1974 – 1984 John Neergaard Flacké
- 1984 – 1998 Torodd Evjen Olsen
- 1998 – 2009 Ole Gunnar Sæbø
- 2009 – 2013 Bernt Olav Jensen
- 2013 – Gunnar Ellingsen
Prostidiakonar
- 2002 – 2013 Per Emanuelsen
- 2014 –2018 Anna Heggland
- 2019 – Helga Victoria Aas Johnsen i nedre del av prostiet: Vennesla, Øvrebø, Hægeland, Iveland, Åseral og Evje&Hornnes
- 2019 – Per Emanuelsen i øvre del av prostiet: Bygland, Valle og Bykle
Sokn
Fellesråda sine namn fell saman med kommunen sitt, med unntak av Valle der det heiter Valle og Hylestad kyrkjelege fellesråd.
- Vennesla kommune
- Tidlegare Vennesla prestegjeld har tre sokn: Vennesla, Øvrebø og Hægeland.
- Tidlegare Evje prestegjeld hadde to sokn i Evje og Hornnes: Evje og Hornnes. Frå 1. januar 2012 er sokna slått saman til Evje og Hornnes sokn.
- Var tidlegare ein del av Evje prestegjeld - Iveland sokn
- Tidlegare Bygland prestegjeld har to sokn: Bygland og Årdal
- Tidlegare Valle prestegjeld har eitt sokn: Valle og Hylestad
- Var tidlegare ein del av Valle prestegjeld - Bykle sokn
Sjå også
Fotnoter
- ↑ Folketeljinga 3. desember 1946, s. 48.