Longeraksvatnet

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Longeraksvatnet sett frå Hestehomheia

Longeraksvatnet er eit vatn i Bygland kommune. Det renn ut i Longeraksåni, som renn ut i Byglandsfjorden nær Longerak. Vatnet er 3.40 km2 i overflate og ligg på 596 meter over havet, om lag seks km søraust for Lauvdal og ti km nordaust for Byglandsfjord. Longeraksvatnet si strandlinje er på 23 km. Grunneigarane kring Longeraksvatnet er Leiv Rygg, Mari Rygg, Dagfinn Lunden, Sigrid Nersten Lunden, Mikkjel Skjevrak, Arna Greibrokk, Olav Jan Skomedal og Aslaug Simonstad Sitje.

Vatnet har vore regulert sidan 1916, og dammen ligg der Longeraksåni startar.

Fisk i Longeraksvatnet[rediger]

Fiskeribiologiske undersøkingar har vist at den nedtappinga som har vore av vatnet, har vore uheldig med tanke på å få til naturleg gyting i bekkene. I tillegg har sur nedbør verka inn på vasskvaliteten. Men dei siste åra har det blitt mindre med sur nedbør. I tillegg har det vore kalka ein del lenger oppe i vassdraget. Difor er utsiktene til at utsett fisk kan overleve, større enn tidlegare.

I 2011 ga fylkesmannen i Aust-Agder Otteraaens Brugseierforening pålegg om å setje ut 5000 fiskeyngel av av aure frå Byglandsfjordstamma. Deretter skal det setjast ut 2000 yngel årleg. Etter fem år skal det vere prøvefiske for å vurdere resultatet av tiltaket.

Kart[rediger]

Laster kart...

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]