Olav O. Uleberg

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Olav O. Uleberg
Født: 24. mars 1894
Død: 24. desember 1974 (80 år)

Olav O. Uleberg, fødd på Uleberg 24. mars 1894 og død i Hornnes 24. desember 1974, var bygdebokforfattar, kommunekasserar og distriktsrevisor, og kommunepolitikar.

Uleberg vart tilsett som kommunekasserar i Hornnes i 1926. Denne stillinga hadde han i 20 1/2 år. Frå 1. januar 1947 blei han distriktsrevisor. Han var aktiv i kommunepolitikken, og sat fem periodar i kommunestyret for Venstre. Fleire av desse åra sat også brødrene Knut Uleberg og Gunnar Uleberg i kommunestyret. Han var med i ungdomslaget, mållaget og spelemannslaget. Han var formann i Hornnes bygdesogenemd gjennom mange år.

Uleberg tok i 1964 på seg å skrive gards- og ættesoge for heimbygda. Fire år seinare, i 1968, låg Hornnes I, Gards- og ættesoge ferdig trykt.

Uleberg sette etter det opp ein plan for kultursoga for heile den nye storkommunen, Evje og Hornnes. Bygdesogenemda, med Olav Arne Kleveland som formann, slutta seg uten store merknader til planane, og Uleberg tok straks (1969) fatt på arbeidet.

Uleberg gjekk bort i 1974. Han var då nær ved målet om å skrive kultursoga for Evje og Hornnes. Han etterlot seg eit manuskript på om lag 700 sider.

Ti år etter at Uleberg døydde, kjøpte Evje og Hornnes kommune inn manuskriptet, og arbeidet med å gje ut kultursoga for kommunen blei teke opp att. Olav Arne Kleveland blei etter ynskje frå familien etter Uleberg den som fekk oppdraget med å gjerne mauskriptet klart til trykking.

Kultursoga for Evje og Hornnes vart endeleg utgjeven i 1990 (band I) og 2003 (band II). Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland står begge oppførte som forfattarar av bøkene.

Kjelde[rediger]