Paal-Helge Haugen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Paal-Helge HaugenSymbol unrelated.svg
Paal-Helge Haugen.jpg
Født: 26. april 1945 (73 år)

Paal-Helge Haugen (fødd 26. april 1945) er ein forfattar frå Valle som er busett i på Nodeland i Songdalen kommune. Han har og hus i Valle og er der store deler av året.

Frå 1964 til 1970 studerte han medisin på Universitetet i Oslo, men då han var ferdig med medisinstudiet, reiste han til USA for å studere film og teater. Etter to år i USA kom han heim i 1973 og vart lærar i film og skjønnlitterær skriving. Han hadde jo då alt etablert seg som forfattar, først med boka Blad frå ein austleg hage (1965), som var gjendikting av haiku-dikt, deretter med gjendikting av kinesisk lyrikk i boka Kinesisk lyrikk. I 1967 kom novellesamlinga På botnen av ein mørk sommar og med punktromanen Anne frå 1968, der han blandar dokumentariske tekstar med fiksjon, fekk han sitt endelege gjennombrot som forfattar. Frå 1978 har han vore forfattar på heiltid.

Som forfattar har han samarbeidd mykje med andre kunstnarar, både innan biletkunst og innan musikk. Det har resultert i libretto til opera, kyrkjespel og oratorier. Han har og skrive fleire diktsamlingar og også gjendikta poesi til norsk og vert rekna som ein av dei fremste lyrikarane i sin generasjon og han har vorte omsett til ei rekkje språk.

Bibliografi[rediger]

Fram til 2010 hadde han gitt ut 37 bøker:

  1. Blad frå ein austleg hage – haiku, gjendikting (1965)
  2. Kinesisk lyrikk – gjendiktning(1966)
  3. På botnen av ein mørk sommar – Noveller (1967)
  4. Anne – roman (1968)
  5. Sangbok – noveller (1969)
  6. Det nye amerikanske huset – gjendikting (1970)
  7. Beman barrikadene - fienden har sluppet løs sin pyjamas! Antologi over engelsk og amerikansk pop-poesi, red. Paal-Helge Haugen og Einar Økland, (1970)
  8. Det synlege menneske – dikt (1975)
  9. Fram i lyset, tydeleg – dikt (1978)
  10. Steingjerde – dikt (1979)
  11. Herr Tidemann reiser – barnebok (1980)
  12. Spor – dikt i utvalg (1967-1980) (1980)
  13. I dette huset. – dikt (1984) (saman med Erling Kittelsen)
  14. Det overvintra lyset – dikt (1985)
  15. Inga anna tid, ingen annan stad – musikkdrama – (1986) (saman med Gunnar Germeten jr og Rolf Inge Godøy)
  16. Horisont – tekst og bilder – (1986) (Saman med Kjell Nupen)
  17. Verden Open – dikt i utval (1987)
  18. Magma – dikt i utval/gjendikting (1987)
  19. Vårfuglen – barnebok(1989) (saman med Mette Newth)
  20. Gjennom steinen – barnebok (1990) (saman med Mette Newth)
  21. Meditasjonar over Georges de la Tour – dikt (1990)
  22. Introduksjon. Ein skillingsmonolog (utgjeven av PHH) – (saman med Erling Kittelsen) (1990)
  23. Vidde. Eit dikt – (1991) (illustrert av Gunnar Torvund)
  24. Haiku. 200 norske versjonar – haiku (1992)
  25. Sone 0 – dikt (1992)
  26. Alexandrias aske – dikt (1993) (saman med Lars Saabye Christensen, Gro Dahle og Thorvald Steen)
  27. Ax – musikkdrama (1993)
  28. Ei natt på jorda – oratorium (1993) (musikk Kjell Habbestad)
  29. Eldsalamanderen – barnebok (1994) (saman med Mette Newth)
  30. Hertervig – operalibretto (1995)
  31. Hans Egedes natt – libretto til kammeropera (1995)
  32. Pilegrimen – kyrkjespel (1995)
  33. Poesi – dikt i samling 1965 - 1995 (1995)
  34. Vindsalme for dei døde. Rekviem til 50-årsmarkeringen av slutten på andre verdenskrig – (1995)
  35. Nidaros – oratorium (1997)
  36. Kvartett 2008 4 diktsamlingar gitt ut samla i ein sølvfarga plastpose: G's bok, Dantes oske, Passasje, Visum (2008)
  37. Kyst. Sør – (2009)
  38. Uncommon Deities – (2011) (saman med Nils Chr. Moe Repstad)

Heider[rediger]

16. januar 2009 vart Haugen utnemnt til ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden. Han har og fått ei rekke andre prisar: 1966 - Blixprisen, 1968 - Norsk kulturråds litteraturpris, 1980 - Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond, 1985 - Gyldendals legat, 1985 - Nynorsk litteraturpris, 1986 - Doblougprisen, 1986 - Richard Wilbur Prize, USA, 1990 - Nominert til Nordisk Råds litteraturpris, 1990 - Kritikarprisen, 1990 - Cappelenprisen, 1992 - Brageprisen, 2001 - Edvardprisen, 2008 - Aschehougprisen, 2008 - Gyldendalprisen

Eksterne lenker[rediger]