Hallandsfossen


Hallandsfossen er ein foss i Otra heilt sør i Valle kyrkjebygd. Hallandsbrua går over fossen frå Harstad til Åmlid mellom Riksveg 9 og fylkeveg 331.
Fossen var ein flaskehals i elva før reguleringa. Når det var mykje nedbør eller snøsmelting, steig vatnet så mykje at det vart flaum i bygda. På det meste kunne jorda liggje under vatn heilt opp til den gamle riksvegen gjennom bygda. 17.-18. juni 1933 gjekk elva 8 meter over normal vasstand. Alt i 1770-åra skal presten Gjellebøl ha fått bøndene med på å grave av jorda på ei lita øy som låg i opninga av fossen. Det er den første reguleringa ein kjenner til av Otra i øvre delen av Setesdal. Seinare, i 1860-åra, arbeidde både sokneprest Magnus Falkenberg og etterfølgaren Peter Blom for å få senka elveløpet. Med støtte frå Statens nydyrkningsfond (Elverenskningsfondet), og private bidrag frå bøndene på båe sider av elva, vart dette arbeidet gjort på siste halvdel av 1860-talet, slik at flaumskadane ikkje skulle verte så store.
Etter kraftverksutbygginga på 1960-talet har Hallandsfossen minstevassføring. Ein kan difor lett sjå korleis vatnet gjennom tusentals år har grave seg djupt ned i den harde gråsteinen, slik at elveløpet i den nedre delen av fossen er mest bare som ei smal skore i fjellet. Det trange gjelet er restar etter ei rekkje nedslipa jettegryter. Også i området rundt sjølve elveløpet er det mange velutvikla jettegryter, som har blitt til i tidlegare år då vassføringa i fossen var mykje større. Berget ved sida av fossen er blankskurt og svært glatt, så det er hengt opp fareskilt og livbøyar fleire stader på begge sider av fossen.
I den tredje rulleringa av Samla plan for vassdrag vart det gjort greie for ei mogeleg utbygging av Hallandsfossen med eit elvekraftverk bygd i dagen på sør-austsida av fossen. Dette prosjektet vart aldri gjennomført.
Hallandsfossen og den gamle Hallandsbrua var truleg eit av dei mest populære fotomotiva i Setesdal i eldre tider. Den kjende fotografen Anders Beer Wilse er mellom dei som har teke berømte bilete her. Axel Lindahl har også motiv herfrå.
Kjelder
- Reidar Tveitos bok om bruer i Setesdal, juli 2014, side 172-174
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 440-442
- Vassdragsrapport, 021.F50 11524 Hallandsfoss, Samlet plan for vassdrag, Aust-Agder fylke, Valle kommune, utgjeve av Miljøverndepartement, 1990, ISBN 82-7243-780-5
- Torgeir Drengson Bjørnaraa, Hallandsfossen, skildring av fossen attgjeve i Jol i Setesdal 1965, side 32