Einang

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Med Einang i bakgrunnen. Akvarell av Johan Fredrik Eckersberg
Einang er stupbratt.
Under Einang august 1888.

Einang er ein særprega ås like ved Riksveg 9 nokre kilometer nord for Valle sentrum. Toppen er 625 moh, men åsen stikk fram vest for Hommsfjødd mellom fjellet og Otra og er svært karakteristisk. Det skal vere råd å sjå ein gulldrope og ein sylvdrope i fjellet, som er mykje fotografert, og fleire kunstnarar har Einang med på måleria sine. Det er også ein slått med dette namnet.

Professor Olav Bø fortalde i sine bøker om ei segn som seier: -at den dagen bror og syster gifter seg, då vil fjellet falla ut og fylla dalen. Ei anna segn fortel at om eit brurefylgje med tri systrer, alle brurer, rir forbi, då vil det same hende.

Olav Bø fortalde òg at i eldre tider var det ein sprekk på baksida av fjellet, så smal at ein berre kunne få ei flatbrødleiv nedi. I nyare tid hadde denne vorte så brei at ein kunne køyre med hest og slede mellom fjella. Kor mykje sanning det er i dette er uvisst.

Fylkesveg 336 går like under åsen. Nordre del av denne vegen, frå Tveitebøvegen til Einang bru, heiter Einangsvegen.

Kart[rediger]

Laster kart...

Kjelder[rediger]

  • Olav Bø: Norsk natur i folkeliv og segn, 1974, side 80.