Straumsfjorden

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Straumsfjorden 26. mai 2017.

Straumsfjorden (757 m.o.h.) er ein stor innsjø som ligg i Setesdal Austhei, i kommunane Bygland og Valle i Aust-Agder fylke. Han er kring 11 kilometer lang, og strekker seg frå Straume i Hylestad i Valle i retning mot sør-aust gjennom utmarka til Nordre og Søndre Heistad, og vidare slik at sørenden ligg i marka til Nordre Austad. Straumsfjorden er ein del av Tovdalsvassdraget, og Tovdalselva byrjar her.

Ved Straumsfjorden er det funne ei rekke forminne frå steinalderen og jernalderen (inkludert vikingtida). Steinalderbuplassane ligg så tett at ein nærast kan tale om eit samanhengande buplassområde der det til sine tider må ha opphalde seg mange menneske eller jegergrupper. Ein pollenanalyse frå ei myr ved Straumsfjorden viser at det gjekk husdyr og beitte der 2600 år f.Kr.

Ved Straumsfjorden var det i 1845-1850 eit veldig hektisk, men kortvarig gruveeventyr, då Det Sæthersdalske Kobberværk prøvde å hente ut kobber frå fjella nord for fjorden. Sjølve smelteverket låg i Åraksbø.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...