Kultursoge for Evje og Hornnes

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav Arne Kleveland er den eine av dei to hovudmennene bak Kultursoga for Evje og Hornnes.

Kultursoge for Evje og Hornnes er gjeven ut i to band, band I i 1990 og band II i 2003. Forfattarar er Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland. Utgjevar er Evje og Hornnes bygdeboknemd.

Både Hornnes og Evje kommunar valde bygdesogenemder i 1920-åra. I begge bygdene blei det sett i gang innsamling og registrering av lokalt historisk stoff med det mål å gje ut bygdebøker.

Åra gjekk, og bygdebøkene kom ikkje. Men i 1968 fekk Hornnes si gards- og ættesoge, Hornnes I, Gards- og ættesoge, og i 1969 tok Olav O. Uleberg fatt på arbeidet med kultursoga for Evje og Hornnes.

Uleberg døydde i 1974, og Olav Arne Kleveland tok i 1987 på seg å fullføre manuskriptet etter Uleberg.

Fyrste bandet vart så altså utgjeven i 1990, medan det andre kom i 2003. Evje og Hornnes Sparebank har ytt økonomisk støtte til utgjevingane.

Det blir for tida arbeidd med ei gards- og ættesoge for Evje. Ådne Fardal Klev frå Lyngdal er frå hausten 2012 tilsett som bygdebokforfattar. Men ein veit i dag ikkje når ho kan bli skriven ferdig.

Innhald

Band I

  • Føreord
  • Evje-songen
  • Hornnes-songen
  • Topografi
  • Førhistorisk tid
  • Liv og arbeid på garden
  • Follogskontrakter
  • Husmannsskipnad og husmannskår
  • Husmenn i Evje og Hornnes
  • Skog og skogbruk
  • Gamle skikkar, gammal tenkemåte
  • Samferdsla
  • Bilane kjem
  • Telefonen
  • Posten skal fram
  • Målføret
  • Skuleskipnaden
  • Skulen i Evje
  • Skulen i Hornnes
  • Skulen i Evje og Hornnes
  • Hornnes landsgymnas
  • Amtsskulen i Setesdal
  • Almugebiblioteket
  • Evje kino
  • Sparebanken
  • Sørlandsbanken på Evje
  • Pengar som betalingsmiddel
  • Mål og vekt

Band II

  • Føreord
  • Evje og Hornnes (dikt)
  • Geologien i Evje og Hornnes
  • 100 år med feltspatdrift og mineraljakt
  • Flot nikkelgruve - Evje nikkelverk
  • Feltspatdrift
  • Einerkilen urangruve 1948-1951
  • Evjemoen
  • Engelskmennene på Gautestad
  • Dyreliv, fiske, jakt og fangst
  • Lensmenn
  • Forlikskommisjonen - forliksrådet
  • Valmenn og stortingsmenn frå Evje prestegjeld
  • Kommunestyringa i Evje
  • Kommunestyringa i Hornnes
  • Sosial omsut

Kjelde

  • Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, omslaget og føreordet