Breive

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Breive sett frå vest mot aust. Hovdenuten i bakgrunnen.
Breivevatnet med Breive-grenda.
Foto: Geir Daasvatn

Breive er ein matrikkelgard og ei grend i Bykle kommune, nord-vest for Hovden, langs nordsida av Breivevatnet, øvst i Setesdal. Grenda har utvikla seg frå Breivegardane, som er gardsnummer 1 i kommunen. Bustadane i Breive er stort sett gardsbruk. Det er også ein god del fritidsbustader i området.

Hovudbruka

Historie

Pollenanalysar syner at det i Breive har vore drive med husdyrbruk heilt attende til slutten av yngre steinalder, ca 2800 f. Kr., og at her har vore korndyrking frå 500-talet og fram til byrjinga 1900-talet, berre avbrote av eit par hundreårs øydetid etter Svartedauden. Andre kjelder stadfestar at det temmeleg sikkert har budd folk på Breive året rundt frå 500-talet til kring 1350, og sidan frå midten av 1500-åra. Breive er såleis kulturlandskap med regional verdi.

Kjelder

Kart

Laster kart...