Holen kraftverk

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Holen kraftstasjon.

Holen kraftverk ligg på Nesland ved Botsvatn vest for Bykle kyrkjebygd i Bykle kommune. Eigar av kraftverket er Otra Kraft DA, der Agder Energi er majoritetseigar med 68,6 prosent av eigarinteressene. Kraftverket regulerer Otra-vassdraget, der Otteraaens Brugseierforening er reguleringsansvarleg.

Kraftverket er hydrologisk sett to stasjonar, i same kraftverkshall, med til saman tre aggregat. Den første (Holen I + II), som blei sett i drift i 1981, utnyttar vatnet frå Vatnedalsmagasinet og seks bielver og bekkar som er teke inn i inntakstunnelen. Ormsavatnet er også regulert til denne kraftstasjonen. Den andre stasjonen (Holen III), sett i drift frå 1986, utnyttar vatnet frå Store Urevatn, Reinevatn og Skargjevatnet.

Samla installert effekt i dei to stasjonane er 328 MW og midlare årsproduksjon er på 888 GWh.

Kjelder[rediger]

Sjå også[rediger]

Eksterne lenker[rediger]


Aust-Agder våpen Kraftverk i Otra
   Breive · Skarje · Skarg · Holen · Hommsåne · Kveasåni· Brokke · Bjørgum · Straume · Hekni · Hovatn · Nordåni · Nånes & Mele · Longerak · Storebekk · Uleberg · Fennefoss kraftverk · Iveland · Nomeland · Steinsfoss · Hunsfoss · Vigelandsfoss