Åsmund Torleivsson Rygnestad

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordigard Rygnestad var garden til Vonde-Åsmund. I dag er det Setesdalsmuseet som tek vare på staden.

Åsmund Torleivsson Rygnestad («Vonde-Åsmund») (fødd ca. 1540, død ca. 1596) var bonde, kyrkjeverge, lensmann og velstandsmann i Nordigard Rygnestad i Valle. Han var med på kongehyllinga på Akershus i 1591. Etter tradisjonen skal han ha vore leigesoldat i utlandet. Han må også ha vore ein av førarane i striden som endte med at lensherre Erik Munk blei avsett. Vonde-Åsmund er ein av dei største segnheltane i Setesdal, og soga om han og ettermennene hans er det næraste Setesdalstradisjonen kan kome ei ættesoge. Garden til Vonde-Åsmund er i dag det kjende Rygnestadtunet under Setesdalsmuseet.

Åsmund var gift med Jorunn Eivindsdotter Nomeland (død ca. 1631). Eldste sonen deira var Torleiv Åsmundsson Rygnestad.

Kjelder


🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.