Hylestad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Rysstad med Hylestad kyrkje sett frå søraust, ca 1885 - 1892.
Foto: Axel Lindahl (digitaltmuseum.no)
Hylestad med Rysstad i midten sett frå Brokke i 1973.

Hylestad er den søndre delen av Valle kommune. Frå 1. juli 1915 til 31. desember 1961 hadde denne delen kommunenummer 0939, og Rysstad var sentrum. I åra 1873 til 1. juli 1915 var den ein del av Valle formannskapsdistrikt. 1. januar 1962 vart Hylestad slegen saman med Valle til ein kommune, og hadde då hatt elleve ordførarar. Hylestad er ein del av Valle og Hylestad kirkelige fellesråd i Otredal prosti.

Soknet, som kommunen seinare fekk sitt namn frå, hadde det same namnet som (preste)garden Hylestad eller Hyl(k)je, norrønt: Hyljastaðir. Den fyrste delen kjem frå hylja som tyder «kulp» (leddet kan visa til ein kulp i Otra) medan staðir tydar gard eller bustad.[1]

Grender i Hylestad er Uppstad, Gardan, Rysstad, Hovet , Bjørgum, Helle, Straume og Besteland.

Inndeling[rediger]

Hylestad kommune hadde fem skule-/folketeljingskrinsar:[2]

  1. Treungen (Straume, Helle og Besteland)
  2. Rysstad (Rysstad)
  3. Haugen (Haugen, Hovet og Bjørgum)
  4. Brokke (Brokke og Berg)
  5. Nomeland og Uppstad (Nomeland, Haugeland og Oppstad)

Kyrkje og trusliv[rediger]

Sentralt på Rysstad ligg Hylestad kyrkje, som er den nyaste av kyrkjene her. Anders Torson Syrtveit bygde henne her i 1838, medan den eldste fyrste gongen er nemnd i pavelege rekneskap og dagbøker i 1328 (Ecclesia de Hulesta)[3]

Stavkyrkja frå omkring 1200 stod nede ved austbreidden av Otra fram til ho vart riven i 1644. Grunnen ho stod på låg til prestegarden Hylje fram til svartedauden, og etterpå vart den lagd til Bjørgum. I 1838 var nykyrkja klar, og den lafta langkyrkja som tok over etter stavkyrkja blei riven. Hylestad har og eit bedehusNomeland.

Gardane[rediger]

I 2010 var det tolv gardar i bygda, men det har vore minst tretten. Etter svartedauen blei Hylje delt mellom Hovet og Bjørgum. Oppe i dalsida, vest for Otra og midt i bygda ligg Brokke, Berg og Haugeland som har samnamnet Gardan.

Gardanes plassering frå syd til nord i bygda[4]
G.nr. Gard Plassering Fyrst
nemnd
Merknader
60 Oppstad heilt nord, vest for Otra 1593 - fullgard
61 Haugeland nordafor Nomeland, sør for Oppstad 1668 - skild ut frå Nomeland
ein av Gardan
62 Brokke nordafor Rysstad, vest for Berg 1401 - Brekka ein av Gardan
63 Berg nordafor Rysstad, vest for Nomeland til 1838 g.nr. 65
1838-1889 g.nr. 60
frå 1889 g.nr. 63.
ein av Gardan
64 Nomeland nordafor Rysstad, vest for Otra 1601 - fullgard
65 Hovet nordafor Bjørgum, aust for Otra 1593 - fullgard
66 Haugen nordafor Bjørgum, vest for Otra 1593 - fullgard
67 Bjørgum nordafor Straume, aust for Otra til 1838 g.nr. 61
1838-1889 g.nr. 64
frå 1889 g.nr. 67.
68 Rysstad nordafor Helle, vest for Otra 1576 - Røssestadt 1593 - fullgard
69 Straume heilt syd, aust for Otra 1405 - Strvm 1593 - fullgard
til 1838 g.nr. 58
1838-1889 g.nr. 66
frå 1889 g.nr. 69.
i Treungen
70 Helle nord for Besteland, vest for Otra 1479 - i Hellee 1593 - 1623: fullgard
til 1838 g.nr. 63
1838-1889 g.nr. 67
frå 1889 g.nr. 70.
i Treungen
71 Besteland heilt sør, vest for Otra 1437 - Bestaland 1601 - 1647: øydegaard
til 1838 g.nr. 66
1838-1889 g.nr. 68
frå 1889 g.nr. 71.
i Treungen

Kjelder og fotnoter[rediger]

  1. Nomeland, Tarald: «Gardsnamna i Valle og Hylestad» i Bygdesogeskrifter frå Valle og Hylestad s. 317, 1983, ISBN 8290300077
  2. SSB sitt kommunehefte for 0939 Hylestad i 1960, sidene 4 og 5 (vitja 9. februar 2014)
  3. Ruud, Erling: «Kirkeliv og kirker» i Bygd og by i Norge: Agder, s. 316-317, Gyldendal 1977, ISBN 8205094063
  4. Ryningen, Alfred: Valle kommune I og II, Gards- og ættesoge Hylestad; Valle kommune 1985, ISBN 82-991334-0-8 og ISBN 82-991334-1-6.