Gyvatn

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Ein del av Gyvatn sett frå Sandvassknuten.

Gyvatn er eit vatn som ligg på fjellet 565 meter over havet på vestsida av Byglandsfjorden i kommunane Evje og Hornnes og Bygland i Aust-Agder samt Åseral kommune i Vest-Agder. Vatnet er 4,62 kvadratkilometer og har ein omkrets på 40,73 km. Ved utløpet av Gyvatn er det ein hovuddam, Gyvassdammen, og tre mindre dammar. Desse vart opprusta og rehabiliterte for 7 mill. i 2009 av ECO Bygg. Fleire stader måtte dei nytte helikopter for å frakte inn utstyr og betong. Prosjektet varte i tre månader.[1]

Gyvatn er regulert etter konsesjon gitt alt i 1912. Vatnet har ei reguleringshøgde på 3 meter, noko som gjorde til at fleire vatn vart samanhengande, Orrevatn, Skeistjønn og Sandvatnet. Sloa bind Sandvatn saman med Gyvatn, og ein kjem ikkje over her turrskodd. Eit samla Gyvatn har ei stor utstrekning som er til hinder for ferdsle utan bruk av båt. Men det er få som gjeng i dette området. Det vart gjort omfattande arkeologiske undersøkjingar som førebuing for det planlagde skjotefeltet omkring Gyvatn, og ein fann mange spor etter tidlegare busetnad langs strendene. Det har også vore planar om heving av reguleringshøgda i samband med utbygging av vassdraget for kraftverk. Dette vart det ikkje noko av då Agder Energi berre bygde ut Hunsfossen lengst nede i vassdraget, til Uleberg kraftverk.

Skeiskilen er ein arm av Gyvatn mot nord, der ein morenerygg, Skeie, delar av Skeistjønn. Dette er eit av dei få vatn der fisken overlevde den sure nedbøren, truleg avdi det har vore kalkhaldig grunn der. Fisken har vore nytta som stamfisk ved Syrtveit fiskeanlegg.

I august 1996 sette Motstandsrørsla mot Gyvatn artilleriskytefelt opp ei minneplate på ei øy i Gyvatn om motstandskampen for å redde 120.000 mål natur i grensetraktene mellom Bygland, Åseral og Evje og Hornnes kommuar frå å verte skytefelt. Minneplata vart fjerna, truleg i 2006. Men i april 2011 vart det sett opp ei tilsvarande minneplate på Sandvassknuten.[2]

Referansar[rediger]

  1. Rusta opp dammar ved Gyvatn. Artikkel i Setesdølen nr. 96, 2009 side 7
  2. Johs. Bjørkeli: Minneplata over geriljakrigen. Artikkel i Fædrelandsvennen Innsikt 15. april 2011 side 28

Kjelder[rediger]

Einar Østmo: Kulturminner ved Gyvatn og Evje øst, Vest-Agder og Aust-Agder, 1984.

Eksterne lenker[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...