Setesdal Austhei

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Det store vatnet Topsæ i Bygland austhei.

Setesdal Austhei er eit fjellområde mellom Setesdal i vest og Telemarksbygdene Fyresdal og Tokke i aust.

Frå sør byrjar Austheiene i Åmli og dei øvre delane av Froland i Aust-Agder, og strekker seg nordover heilt til nordenden av Bykle (Bjåen). Området dekker eit areal på 2370 km2, og delast i to av Fylkesveg 45 (Valle-Skafså). Området nord for Fv-45 har eit areal på 770 km², med mykje høgfjell på 1000–1500 m.o.h. Det sørlege området på 1645 km² er eit lågare og rolegare heieområde, men med einskilde fjelltoppar opp mot 900–1000 m.o.h.

Setesdal Austhei sør

Rjukanfossen i Tovdal, i Åmli kommune heilt sør i Setesdal Austhei.

Den søre delen av heiområdet ligg sør for Fv-45. Dette er stort sett eit lågareliggande heieområde. Storparten ligg rundt 500–600 m.o.h., med einskilde fjelltoppar opp mot 900–1000 m.o.h. Lengst nord får heia meir karakter av høgfjell med fjelltoppar opp mot 1200–1300 m.o.h. Mange vatn og vassdrag er med på å sette sitt preg på landskapet.

Setesdal Austhei nord

Den nordlege delen av heiene er fjellområdet nord for Fv-45. I vest er det avgrensa av Riksveg 9 mellom Valle og Haukeli. I nord går Europaveg 134 mellom Haukeligrend og Åmot. I aust går Fylkesveg 38 mellom Åmot og Dalen. Fylkesgrensa mellom Agder og Telemark går på langs inne i området, men Telemark-delen er størst.

Heiplanen

For forvaltning av areala i Setesdal Austhei gjeld mellom anna Regional plan for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiene og Setesdal Austhei, i kortform kalla Heiplanen. Planen er ikkje juridisk bindande, men legg føringar for forvaltninga som kommunane må ta med inn i kommuneplanlegginga og vedtaking av kommuneplanar.

Sjå også

Kjelde