Svein Hovden

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Svein Hovden
Svein Hovden. Foto Setesdalsmuseet.jpg
Svein Hovden rundt 1890.
Født: 18. august 1841
Død: 26. juli 1924 (82 år)

Svein Knutsson Hovden (fødd 18. august 1841, død 26. juli 1924) frå Hovden i Bykle var bonde og tradisjonsberar, sogemann, kvedar, handverkar, postopnar og mykje anna i Øvre Setesdal. Sjølv kalla han seg Svein K. Tveiten etter morsgarden i Grungedal. Men i Bykle er han kjend som Svein Hovden.

Det er reist eit minnesmerke etter Svein Hovden i Hovden sentrum. Det er ein skulptur laga av Gunnar Torvund. Han viser to kubbestolar, slik Svein lagde dei.[1]

Livsveg[rediger]

Svein Hovden var son av Knut Sigvaldsson (1809–1860) og Gyro Sveinsdotter Tovsland (1803–1882). Faren var frå Kvammen i Åmotsdal, og kom frå ei vidgjeten kjempeætt. Mora var av Tovslandsætta i Grungedal. Dei kjøpte garden Haugardsmo i 1830. Men i 1835 bytta faren til seg Hovden Der nede, og dei flytta dit i 1836. Der var Svein Knutsson dei første åra av livet, som den nest yngste i ein syskjenflokk på seks.

Det synte seg vanskeleg for Knut Sigvaldsson og familien å greie seg på garden på Hovden. Rundt 1843-1844 selde Knut halve garden og leigde bort resten. Familien drog til Suldal og husmannsplassen Træ under Torjus Bleskjestad.

I 1847-1848, då Svein var rundt seks-sju år, kom Knut Sigvaldsson og huslyden attende til Hovden. Knut og Guro vart no forpaktarar av den store garden til Hallvor Bjaaen. I 10-årsalderen byrja Svein som gjetargut der. Han var mykje ilag med gamle Hallvor. Her fekk han høyre gamle segner, eventyr, songar og kjempeviser, og dette festa seg hos han. Det vart lite skulegong; kanskje 14 dagar alt i alt har Svein Hovden sjølv fortald.

Etter at Svein var konfirmert, måtte han ut på arbeid. Han fanga ryper i fjellet om vinteren og var slåttekar hos bøndene på Hovden om sommaren. I 1857 var det ei stor skogsdrift i Berdalsskogane. Svein var med på denne drifta. To år seinare, i 1859, drog han vestover til Suldal for å finne arbeid.

I 1860 døydde faren, og Svein måtte ta på seg meir ansvar heime der mora levde att. Men for å få arbeid og tene til livets opphald, drog han framleis til Vestlandet.

I 1871 gifta Svein Hovden seg med Tone Knutsdotter Tveiten (1850–1892) frå Grungedal. Han kjøpte etterkvart garden Tveiten, og flytta dit med kona og mor si. Ved sida av å vere gardbrukar, tok han nå til å lage tresko for sal om vinteren. Dette arbeidet var han svært flink med, og han tente gode pengar på handverket sitt.

I 1879- og 1880-åra var han med i heradsstyret i Vinje. I 1886 vart han den første postopnaren i Grungedal. Samstundes var han postførar. Han hadde denne jobben heilt til han flytta frå Tveiten i 1896.

Svein Hovden og Tone Knutsdotter fekk ti born saman. Tre av borna døydde unge. Men dei andre vaks opp. Kona døydde alt i 1892. Det er ei rekkje etterkomarar etter Svein og Tone både i Noreg og USA.

Truleg rundt 1896 kjøpte Svein Maurlii, ein gard litt sør for Hovden. Om lag samstundes kjøpte han Jeiskeli. I desse tidene fekk han også høve til å kjøpe tilbake farsgarden Hovden Der Nede. Eldstesonen Knut overtok Tveiten i Telemark, og Svein flytta til Hovden med dei andre borna.

Alt i 1898 selde han gardane vidare til skogspekulantane Foss og Bjerke, som på denne tida eigde AS Sætersdalen. Han skulle fortsatt bu på Hovden Der Nede på åremål og bruke han for ei lita leige. AS Sætersdalen gjekk konkurs, og Svein kjøpte attende Hovden Der Nede og Maurlii i 1905. Men alt i 1906 selde han dei same eigedomane tilbake til AS Sætersdalen, som hadde reist seg etter konkursen. Han skulle fortsatt ha bruksrett til gardane.

Attende på Hovden vart Svein snart med i heradsstyret i Bykle. Han arbeidde også svært aktivt for å få skipa eit postopneri på Hovden. Då postopneriet var på plass, i 1910, blei Svein den første postopnaren. Denne stillinga hadde han heilt til 1921.

Turistforeininga si nye turisthytte Hovdehytta stod ferdig i 1913. Svein Hovden vart tilsett som tilsynsmann.

I 1920 kom Knut O. Hoslemo tilbake til heimbygda som lærar. Svein, som nå var nesten 80 år, var eit oppkome når det gjaldt gamalt. Mykje av dette stoffet fortalde han til Knut, som skreiv det ned omtrent ordrett slik Svein fortalde det. Tidlegare hadde han også vore ein av heimelsmennene til Johannes Skar.

Svein Hovden døydde på Hovden i 1924.

Sogemann[rediger]

Mest kjend er Svein Hovden truleg som sogemann. Han skreiv ikkje ned noko sjølv. Men noko av sitt rike tilfang av soger fekk han fortald til Johannes Skar, mellom anna sogene om Hallvor Bjaaen. «Desse sogene er perla i heile verket Gamalt or Sætesdal. Det er ein meister som har fortalt og ein meister som har skrive», seier Knut Gjerden i Bykle kultursoge.[2]. Seinare skreiv Knut Hoslemo ned mange av historiane hans. Mange av desse fekk han på trykk i Agder Tidend i tidsromet 1920-1930. Mykje av stoffet er no samla og gjeve ut av Olav M. Holen i Meir gamalt or Sætesdal I (2015).

Kvedar[rediger]

Musikkforskaren O. M. Sandvik trefte mange songarar på sine ferder rundt i landet. Sandvik meinte Svein Hovden var ein av dei beste kvedarane som fantes.[3]

Kjelder[rediger]

Litteratur[rediger]

Referansar[rediger]

  1. Kulturminneplan Bykle 2016-2019, vedteke av Bykle kommunestyre 16. februar 2017, side 23
  2. Knut Gjerden, Svein Knutson Hovden, kapittel i Bykle kultursoge, utgjeve av Bykle kommune, 1974, s. 133
  3. Leonhard B. Jansen og Kirsten Bråten Berg, Svein Knutsson Hovden – kvedar og sogemann, utgjeve av Bykle kommune, 1991, s. 28