Evje og Hornnes Sogelag

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav Arne Kleveland var ein av initiativtakarane til Sogelaget. Her signerer han jubileumsboka han skreiv til Otra IL sitt 50-årsjubileum i 2010.

Evje og Hornnes Sogelag vart skipa i 1986. Formålet til laget er å vekkje, auke og spreie interesse for lokal historie. Laget skal òg vere eit støttelag for Evje og Hornnes museum, Fennefoss.

Initiativtakarane til laget skal ha vore Olav Arne Kleveland og Eilert Hægeland. Eilert Hægeland var den første leiaren.

Laget har om lag 150 medlemmer og gjev ut årsskriftet Arnstein. Laget har og gjeve ut særskrifter. Kvart år arrangerer laget to turar der ein kan sjå nærare på stader av lokalhistorisk interesse. Den første turen er i regelen 2. pinsedag, medan den andre er på hausten. Alle som vil kan vere med på desse turane.

Styre

I 2013 var desse med i styret: Bernt Gautestad, Erik Kjebekk, Olav Kiland, Rita Flottorp og Eva Haugen Sørgaard.[1]

I 2014 gjekk Bernt Gautestad av som leiar etter mest 20 år, men fortset som styremedlem. Erik Kjebekk kom inn som ny leiar. Rita Flottorp takka for seg som sekretær etter åtte år. Inn som ny sekretær kom Anne Mari Hansen. Olav Kiland fortsatte som styremedlem og nestleiar. Eva Haugen Sørgaard fortsatte også som styremedlem.

Styret 2019: Erik Kjebekk, Olav Kiland, Ragnhild Robstad, Eva Haugen Sørgaard og Ivar Haugen.

Leiarar

Oddmund Mogstad.

Hefter og bøker

Omslaget til skriftet Flot nikkelgruve - Evje nikkelverk av Olav Arne Kleveland.

Sogelaget har gjeve ut og har for sal desse hefta og bøkene:

Referanser

  1. Årsmøte i Evje og Hornnes sogelag. Artikkel i Setesdølen nr. 25, 2014 side 3

Kjelder og eksterne lenker