Sarvsfossen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Sarvsfossen ca 1900-1910.
Foto: Severin Worm-Petersen/Norsk Teknisk Museum
Sarvsfossen 27. august 2016, då Otra Kraft slepte vatn over Dam Sarvsfoss i to timar og det for ein sjeldan gong var vatn i fossen.

Sarvsfossen er eit fossefall i Otra like aust for Bykle kyrkjebygd i Bykle kommune. Rett ovafor fossen er elva frå 2014 demd opp med den 50 meter høge Dam Sarvsfoss, som er det mest synlege tiltaket i Brokke Nord-utbygginga. Tidlegare reguleringar i Otra har også påvirka vassføringa. Som ein del av Brokke II-utbygginga (1974-1977), blei Sarvsfossen overført i tunnel til Botsvatn. Fossen er derfor normalt nærast tørrlagd. Men før reguleringane var Sarvsfossen rekna som den kanskje største fossen i Otra. Då stupte elva «seg utover gjennom ein trong glip 30 meter beint ned i hølen nedanunder».[1]

Referansar[rediger]

  1. Knut Gjerden, Bykle, kapittel i Norges Bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, Oslo 1956, side 134-136