Dusifele

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Dusifele er eit lokalt uttrykk i Setesdal for den europeiske fiolinen. Uttrykket kjem av «dusinfeler», dvs. feler som vart produserte i «dusinvis», fabrikkerte. Dusifela var det sentrale folkemusikkinstrumwentet i Setesdal på 1800-talet. Ho kom til dalen først på 1800-talet eller mot slutten av 1700-talet, truleg med omreisande spelemenn. Ein av desse kan ha vore den kjende handelsmannen og spelemannen Peter Strømsing.

Dusifela var det vanlegaste folkemusikkinstrumentet fram til 1860-talet. Då kom spelemannen Neri Neset frå Bygland med den første hardingfela til dalen. I øvre delen av Setesdal skal byklaren Knut Knutson Vatnedalen ha vore den første til å føre inn hardingfela i setesdalsmusikken.

Kjelder[rediger]