Oddmund Mogstad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Oddmund Mogstad
Oddmund Mogstad 010609.jpg
Oddmund i 2009.
Født: 30. august 1929
Død: 30. oktober 2014 (85 år)

Oddmund Mogstad (fødd 30. august 1929 i Surnadal, død 30. oktober 2014) var veterinær på Evje frå 1975 til han vart pensjonist. Etter realskule gjekk han på to-årig gymnas i Nordfjordeid før han i 1948 starta på utdanning innan veterinærmedisin. Etter fem og eit halvt år var han ferdig til jul i 1953. Då gjekk han inn i jobb som assistent i Ringsaker. I 1954 kom han til Evje i eit vikariat for Tveten, som var blitt sjuk. Vikariatet blei forlenga fordi dyrlege Tveten døydde, og medan han var på Evje møtte han Eli Andersen, som han gifta seg med i 1956.

Frå 1956 til 1964 var han privatpraktiserande veterinær i Gauldal. Her var han og med i kommunestyret, innvald på ei bygdeliste. Det er einaste gongen han har vore aktiv i politikk. Deretter vart han distriktsveterinær i Vest-Telemark med bustad i Fyresdal. Frå 1968 var han regionveterinær i Tanzania. Då lærde han seg swahili, men i 1970 kom han heim att og vart distriktsveternær i Bjelland, der også Finsland og Hægeland høyrde til distriktet. Medan han var der, gjennomførte han eit forskningsprosjekt på sjukdomen ketose. Som sekstiåring på Evje melde han seg på mellomfagstudium i historie, deretter tok han grunnfag i nordisk språk og litteratur.

I 1975 kom han så til Evje veterinærdistrikt etter veterinær Løken, som vart pensjonist. Då bygde han seg hus i Kyrkjebygda på Evje. På fritida vart han med i Evje og Hornnes Sogelag, der han og var leiar ein periode. Sogelaget tok til å gje ut årsskriftet Arnstein i hans tid som leiar, og han har hatt hovudansvaret for det. Han var og kjent som turgeneralen for pensjonistane. Gjennom heile sesongen når det var snøfritt var det ei gruppe på 20-25 pensjonistar som gjekk på tur med Mogstad som guide og turleiar kvar torsdag.

Mogstad gjorde eit stort arbeid med å registrere brudled og likkviler, bearbåsar og andre steinsetjingar langs gamle heievegar på Agder og i Rogaland. Registreringane er publiserte i Agder Historielags Årsskrift 2002 og 2005. Mykje av stoffet er seinare blitt brukt av Torfinn Normann Hageland i hans verk Stå i stein - Brudled, likkviler, varp og andre steinsetjingar på Agder og i Rogaland.

Oddmund Mogstad etterlet seg sonen Per Mogstad, svigerdotter, barnebarn og annan familie. Gravferda var frå Evje kyrkje onsdag 5. november 2014 klokka 13. Etter gravferda var alle velkomne til minnesamvær på Evjeheimen.

Minneord[rediger]

Kjelder[rediger]