Byglands soge

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Byglands soge er Bygland si bygdesoge, gjeve ut i 1939 av Bygland bygdesogenemnd, og i faksimile i 1970. Boka er på 489 sider.

Ideen om ei bygdesoge føddes fleire år før 1935, men 6. juli 1935 vart det i Bygland heradsstyre vedteke at Mikkjel Skjevrak, Eivind Ose og Aasulv Lande skulle samle tilfang til ei herads-kommunal soge og likeeins til å samle fotografi av ordførarane i Bygland i dei gjengne 100 år. Seinare blei sokneprest Reidar Bolling med i nemnda og lærar Gunnar Lande vart sekretær. Nemnda kom fram til at dei ville velge inn medarbeidarar til bestemde oppgåver og emner. Medarbeidarane sine resultat skulle sendas til ein redaksjonsnemnd, og om naudsynt skulle nemnda kome med merknader. I 1938 blei Torleiv Bø, Mikkjel Skjevrak og Aasulv Lande tilsett i redaksjonsnemnda.

Byglands soge vart prenta like føre krigen kom til Norge i 1940, uselde bøker blei lagra i heradshuset på Bygland og dei kom bort under krigen. Etterspurnaden vaks då krigen var over, og etter kvart føddes tanken om å gje soga ut på ny. I 1969 løyvde Bygland Mållag 3000 kroner til trykking, og saman med pengar frå bygdesogenemnda og kommunen vart det mogleg. Kommunestyret valde samstundes ei ny bygdesogenemnd som skulle utvida henne med informasjon frå åra etter 1939. Nemnda kom fram til at det var betre om den førre utgåva ikkje blei endra, men at dei heller skulle lata den trykke opp att og så gje ut ei ny bok med nyare informasjon.

Register[rediger]

  • Mikkjel Skjevrak: «Bygland i gammal tid» s. 11
  • Aasulv Lande: «Kommunestyringi» s. 57
  • Torleiv Bø: «Arbeidsliv og løningsmåtar» s. 139
  • Gunnar T. Lande: «Samferdsla» s. 195
  • Mikkjel Skjevrak og Reidar Bolling: «Retsstellet» s. 227
  • Eivind Ose: «Jordbruket» s. 241
  • Tomas Langerak: «Hagebruket» s. 257
  • T. Kummen: «Fedrift» s. 269
  • Nils Nersten: «Skogbruket» s. 289
  • Reidar Bolling: «Skulen» s. 333
  • Reidar Bolling: «Kyrkja og kristenlivet» s. 367
  • Knut Austad: «Folkediktning» s. 409
  • Knut Austad: «Spelemenner og felespeller» s. 431
  • Knut Austad: «Samlogor, lag og lagsarbeid» s. 439
  • Gunnar T. Lande: «Edruskapstilhøvd» s. 445
  • Reidar Bolling: «Helsestellet» s. 455
  • Mikkjel Skjevrak: «Dyreliv, jakt og fangst» s. 469
  • Tarkjel K. Austad: «Bygland Sparebank» s. 485

Kjelder[rediger]

  • Bygdesogenemnda: Byglands soge, 28. januar 1970, s. 5.
  • Bygdesogenemnda: Byglands soge, «Fyreord» september 1939, s. 7. Digital utgåve på Bokhylla