Valle kommune

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
(Omdirigert fra Valle)
Hopp til: navigasjon, søk
Valle sentrum sett frå Åmli.
Foto: Siri Johannessen

Valle er ein innlandskommune i Aust-Agder fylke. Valle ligg i Setesdal, og grensene i dalen går i sør mot Bygland kommune og i nord mot Bykle. I nord og aust ligg telemarkskommunane Tokke og Fyresdal, i vest ligg Sirdal i Vest-Agder. Grensene mot Telemark og Vest-Agder går i høgfjellet. Samla areal er omlag 1290 km2. Av dette er 0,7% jordbruksareal i drift, 9,2% skogsareal, 5,1% vatn og 84,7% heieareal. Lengda på kommunen etter Riksveg 9 er 40 km.[1] Talet på innbyggjarar er 1251 (1. januar 2015).[2]

Noverande kommune vart til 1. januar 1962 ved at dei to små kommunane Valle og Hylestad vart slått saman. Valle kommune har vore med i Setesdal Regionråd frå regionrådet vart starta.

Geografi[rediger]

Setesdal med elva Otra og riksvei 9 dannar ein akse i retning nord-sør gjennom Valle kommune. Langs denne aksen ligg den eldre busetnaden og dei to sentrene Valle og Rysstad.

På begge sider av dalen ligg store fjellvidder, Setesdal Vesthei og Setesdal Austhei. Den vestlege delen av kommunen er ein del av Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde. Europas sørlegaste villreinstamme held til der.

Busetnad[rediger]

Det er to sentrer i kommunen, Valle og Rysstad. Kommuneadministrasjonen ligg i Valle. Både Valle og Rysstad har butikkar og kyrkje, og på Rysstad ligg sentralbygget til Setesdalsmuseet. Likevel har korkjs Valle sentrum eller Rysstad folk nok til å vere ein tettstad etter SSB's formelle krav til ein tettstad; etter SSBs lister er det pr. 2006 ingen tettstader i Valle kommune.

Grender og gardar[rediger]

Frå sør mot nord i den gamle Hylestad kommune ligg Besteland, Helle, Rysstad, Nomeland, Brokke og Uppstad på vestsida av elva og Straume, Bjørgum og Hovet på austsida. I Valle er Sandnes, Kveste, Tveiten, Valle, Tveitebø, Homme, Flateland og Rygnestad på austsida av elva, mens , Åmli, Nomeland, Øyne, Dale, Løyland og Røysland ligg på vestsida.

I kommunen er det to større hytteområder. Det eine ligg ved Store Bjørnevatn på austsida av dalføret, ved Fylkesveg 45 på vegen mot Dalen. Det andre ligg ved Furustøyl på vestsida av dalføret, i området Setesdal Vesthei, ved vegen til Sirdal.

Otra krafts kontor.
Foto: Siri Johannessen

Vannkraft[rediger]

Vannkraft er ei viktig inntektskjelde for kommunene Valle og Bykle. Utbygginga av kraftverk i Valle starta på 1960-talet. Otra Kraft, som held til ved Brokke kraftverkNomeland, driv fleire kraftstasjoner i Setesdal. Det første kraftverket småkraftverkselskapet Småkraft bygde, var Bjørgum kraftverk.

Kultur[rediger]

Valle kommune er ein aktiv kulturkommune og sist på 1990-talet kom kommunen på andreplass i ei kåring av kulturkommunane i landet, bare etter Larvik. Frå midt på 1990-talet har kommunen delt ut Valle kommune sin kulturpris.

Dei siste åra har ein kvart år arrangert Kulturveka i Valle kvar haust i eit samarbeid mellom Valle kommune og Valle folkeakademi. Den startar som regel i samband med Sauesjået i Valle og har eit variert tilbod av kulturaktivitetar.

Dialekt[rediger]

Valle er kjerneområde for setesdalsdialekten.

Folkedrakt[rediger]

Guider på Rygnestadtunet. Formidling av folkedrakt er et av Setesdalsmuseets spesialområder.
Foto: Frode Inge Helland

Drakttradisjonen knyttet til Setesdal har også sitt kjerneområde i Valle kommune. Setesdalsdrakten er en tradisjon som har gått direkte fra folkedrakt til bunad, og det betyr at det finnes god dokumentasjon av denne draktskikken.

Folkemusikk[rediger]

Stev og kveding har tradisjoner i Valle, og i nyere tid er disse videreført bl.a. av Kirsten Bråten Berg.

Munnharpe er et viktig instrument i tradisjonen fra Valle, som har svært dyktige utøvere i Bjørgulv Straume og Sigurd Brokke. Felespilltradisjonene føres videre, bl.a. av Gunnar Stubseid og Hallvard T. Bjørgum

Sølvsmedhandverk[rediger]

Sølvsmedhandverket har spesielle tradisjoner i Valle, og kommunens videregående skole har lenge vært den eneste skolen i landet med egen sølvsmedlinje.

Kulturminner[rediger]

Valle er rik på faste kulturminner, både arkeologiske kulturminner og bygninger. Her er gravhauger fra jernalder og vikingtid og gårdsbebyggelse fra middeladeren til vår egen tid. Rygnestadtunet er et fredet gårdstun hvor våningshuset har tømmer fra 1200-tallet og hvor Rygnestadloftet fra 1590 utmerker seg som bygning. Anlegget er en del av Setesdalsmuseet og et mye besøkt turistmål om sommeren.Flere andre gårder har svært gamle hus, men mange bygninger er også solgt ut av dalen til oppkjøpere. Bygninger fra Valle er også å finne på Folkemuseet i Oslo.

Når det gjelder løse kulturminner fra bondekulturen er Valle (og Setesdal) godt representert i nasjonale samlinger, f.eks. på Norsk Folkemuseum.

Setesdal i nasjonal kultur[rediger]

Som et resultat av nasjonalromantikken kom mange kunstnere til å kaste sitt blikk mot Valle og Setesdal og la seg inspirere til ny kunstnerisk produksjon. Dette gjaldt bl.a. maleren Carl Sundt-Hansen og dikteren Hans Henrik Holm.

Skoleområdet med tusenårsmonumentet.
Foto: Siri Johannessen

Tusenårssted[rediger]

Kommunens tusenårssted er skoleområdet; Valle vgs, Valle skule, barnehagen og idrettshallen.

Verdens største munnharpe er kommunens tusenårsmonument.

Politikk[rediger]

Hovedartikkel: Politikk i Valle kommune

Valle kommune har i lange periodar hatt ordførar frå Senterpartiet. Ved valet i 2007 gjord Valle Høgre eit godt val og fekk både ordførar og varaordførar. Bjørgulv Sverdrup Lund er ordførar, Sigbjørg Ness er varaordførar i perioden 2007 til 2011.

Val i 2011[rediger]

Kyrkjer og bedehus[rediger]

Historie[rediger]

Eldre steinalder[rediger]

Noreg var dekka av is fram til for omlag 14 000 år sidan. Då kom fjella ved Lista og Lindesnes til syne. Kysten av Aust-Agder og Telemark var dekka av is til for rundt 11 000 år sidan. [3] Dei første menneska byrja å vandre i Setesdalsheiene for om lag 9000 år sidan. Då låg det truleg endå att ein omlag 100 meter tjukk isbre nede i dalbotnen.[4] Jakt og fangst var dei viktigaste gjeremåla. Særleg gav reinen med faste, årlege trekkruter ei sikring av tilværet. Frå Setesdalsheiene er det registrert buplasser frå steinalderen som er over 7000 år gamle. Desse menneska var nok ikkje bufaste, men veidefolk på vandring[5].

Yngre steinalder[rediger]

I yngre steinalder (3500-1800 f.Kr.) nådde jordbrukskulturen Setesdal[6]. På heia, ved Straumsfjorden, er det gjort arkeologiske undersøkingar som syner at det gjekk husdyr og beitte der 2600 år f. Kr. Også nede i bygda har det ganske sikkert vore folk for rundt 4500 år sidan.[7] Så langt tilbake blei jordbruket truleg drive på nomadisk vis, med svedjebruk. Steinaldermenneska brant skogen, dyrka korn i 2-3 år, og flytta så til ein ny stad. Husdyra blei flytta frå beite til beite.

Bronsealder[rediger]

Omfattande arkeologiske utgravingar på Moi i Bygland (2007) har dokumentert kontinuerlig busetnad i Setesdal heilt tilbake til yngre bronsealder (1100-500 f.Kr.)[8]. I Spor i Setesdalsjord skriv Leonhard Jansen at fast busetnad etter alt å døme kom først nede i dalføret, på dei store flatene i Bygland og Valle som ligg 200-300 moh. Her var den beste jordbruksjorda. Alt på denne tida var jorda altså broten opp, og dei første husa reist nede i dalbotnen.[9]

Eldre jernalder - den kjende gardshistoria[rediger]

Mange av dei eldste gardane - «opphavsgardane» - har namn og funn som tilseier at dei blei rydda eitt av dei første hundreåra etter at vår tidsrekning tok til.[10] Først måtte det skje ei grensetrekking mot grannedalane Sirdal og Fyresdal, der det òg budde folk. Desse grensene, «langstrengane», er sette saman av mange kortare strengar som går frå fjell til fjell. Dei følger i hovudsak vass-skilet. Etter kvart som det kom fleire bønder i same dalføret, måtte eigedomane fordelast endå meir. Då kom det kortare strengar som gjekk på tvers av dei gamle langstrengane. Om desse grensene på tvers i Valle gjekk over heile dalføret er ikke sikkert stadfesta. Men det er ikke umogeleg, skriv Leonhard Jansen, at heile Hylestad ein gong kan ha vore ein slik kjempegard.[11]

Ein stad måtte busejinga begynne. Utgangspunktet kan ha vore det som i dag vert rekna som grender, til dømes Oveinang, Homme, Tveitebø, Nordibø, Vallebø, Strondi, Ivenat (Bygdi), Gardan og Treungen. I kultursoga for Valle meiner forfattarane Jansen/Ryningen at det har vore to opphavsgardar på vestsida av Otra. Den eine er alle gardane i Hylestad frå Uppstad til Besteland. Den andre er gardane i Valle sokn frå Bø til Røysland. På austsida av elva er biletet noko meir uklart. Men gardane frå Oveinang til og med Tveitebø må ha hatt same opphav. Frå Jordet i nord til Straume/Røysland i sør har det vore ein eller to opphavsgardar.[12]

Seinare[rediger]

Ferdslevegane gjekk tidlegare mykje over fjellet, austover til Skagerrak gjennom Åmli, og vestover til Ryfylke. Skinnevegen vestetter til Lyse er godt kjend, og var kanskje den viktigaste av dei gamle vegane.[13] Bispevegen var viktigaste vegen austover, og gjekk frå Tveitebø over heia gjennom Finndalen til Kleivgrend i Fyresdal.[14] Men i 1844 kom endeleg Postvegen (Den Sætherdalske hovedvei) fram til Valle.[15] Dette var den første ordentlege køyrevegen frå Kristiansand og oppover i Setesdal. Den nye hovudvegen fekk enorm innverknad på samfunnsutviklinga i Setesdal. Det blei no mykje enklare og raskare å reise til Kristiansand, og varer kunne fraktast langs landevegen i staden for å måtte kløvjast på hesteryggen. Den gamle, tradisjonelle tilknytninga til Nedenes amt og Arendal blei for ein stor del broten.

Kjende personar med tilknytning til Valle[rediger]

Personar frå Valle vert ofte kalla valldølar, personar frå Hylestad vert ofte kalla hylstringar.

Referansar[rediger]

  1. Høyringsutkast til Kommuneplan 2015-2027, samfunnsdelen, høyringsutgåve dagsett 27. mai 2015
  2. Statistisk Sentralbyrå, tabell, folkemengde pr. 1. januar 2015
  3. Harald Flå (red.), Vandringer i Setesdal Vesthei, Friluftsforlaget 2008, s. 130
  4. Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgjeve av Valle kommune, 1994, s. 15
  5. Leonhard Jansen, Dei første setesdølar, artikkel i Spor i Setesdalsjord, utgjeve av Aust-Agder fylkeskommune og Setesdalsmuseet, 2014, s. 25
  6. Spor i Setesdalsjord, s. 26
  7. Valle kommune VII, Kultursoge 1, s. 24
  8. Spor i Setesdalsjord, s.7
  9. Spor i Setesdalsjord, side 131
  10. Spor i Setesdalsjord, s. 26-27
  11. Spor i Setesdalsjord, s. 28
  12. Valle kommune VII, Kultursoge 1, s. 33-34
  13. Valle kommune VIII. Kultursoge 2, s. 288
  14. Valle kommune VII, Kultursoge 1, s. 50-51
  15. Knut K. Homme, 1844 - eit tidsbilete, artikkel i Setesdal og setesdølar 2015, utgjeve av Setesdal sogelag, s. 47-51

Eksterne lenker[rediger]