Reidar Tveito
Reidar Tveito![]() | ||
---|---|---|
![]() | ||
Reidar Tveito på tur mellom Reinevatn og Smalevatn i Bykleheiane, 2013. | ||
Født: | 21. november 1946 (78 år) |
Reidar Tveito (fødd 21. november 1946) er ein tidlegare sagbruksarbeidar med stor interesse for fotografering. Han er gift med Kirsten Margrethe Hansen og har tre born, Heidi Marie Hansen Tveito, Håkon Hansen Tveito og Katrine Hansen Tveito Han bur på Byglandsfjord, og gjennom åra har han arbeidd på fleire sagbruk. Han starta på dampsaga på Byglandsfjord i 1970, sidan kom han til Skibsplast på Evje og Almedal Sagbruk i Grendi før han kom tilbake til Byglandsfjord Sag på Vassendøya då dei starta opp i 1986. Der vart han verande til han pensjonerte seg i 2008.
Albumbøker
Gjennom åra med fotografering har han også fått ei stor samling bilete av både folk og natur, særleg i Nedre Setesdal. Frå 2008 har han gitt ut ei rekke lokalhistoriske albumbøker der han har presentert bileta sine saman med tekst. Fleire av dei har hatt små opplag og vore berekna på den lokale marknaden og er difor alt utselde.
I 2010 satsa han 80.000 kroner på ei bok som hadde 208 sider og handla om arbeidsplassane han hadde hatt. -Ikkje mange tek bilete av arbeidsplassen sin, sa han til Setesdølen då boka 50 år på sagbruk. 750 bilder fra et arbeidsliv vart lansert. Til den fekk han støtte både frå Bygland kommune (15.000 kroner), Setesdal Regionråd, Almedal Sag, Byglandsfjord Sag og Årdal skogeigarlag.
I samband med at det var 50 år sidan Setesdalsbanen vart lagd ned, laga han boka Setesdalsbanen 1896-1962 med bilete frå livet på Setesdalsbanen i den tida den var i drift. Første opplaget av boka vart utseld så fort at han måtte lage eit nytt opplag.
Sommaren 2014 kom så boka om Riksveg 9: Riksveg 9 - Bruer og særtrekk langs vegen.
Bibliografi
- Byglandsfjord 4. Historia frå 1911 til 1916 2024 ISBN 978-82-691242-6-2
- Byglandsfjord 3. Historia frå 1839 til 1911 2024 ISBN 978-82-691242-5-5
- Byglandsfjord 2. Samferdsla frå 1804 til 1896, og 97 hus frå 1893 til 1958 2021 ISBN 978-82-691242-4-8
- Kultur- og fornminner omkring Byglandsfjord 2020 ISBN 978-82-691242-2-4
- Bommen, rundkøyringa og andre vegendringar rundt Byglandsfjord 2019 ISBN 978-82-691242-1-7
- Ferja, brua og ny-vegen i og omkring Byglandsfjord 2018 ISBN 978-82-691242-0-0
- Ridesti og gamle vegspor omkring Byglandsfjord 2017 ISBN 978-82-998304-9-2
- Veråni 2016 ISBN 978-82-998304-8-5
- Riksveg 9 - Bruer og særtrekk langs vegen 2014 ISBN 978-82-998304-7-8
- Setesdalsbanen 1896-1962 2012 ISBN 978-82-998304-5-4
- Dei høgaste fjell og nutar langs båe sider av Otra 3 (Fjell og nutar, tredje del) 2011 ISBN 978-82-998304-4-7
- Dei høgaste fjell og nutar langs båe sider av Otra (Fjell og nutar, andre del) 2011 ISBN 978-82-998304-3-0
- Fjell og nutar, fyrste del 2010 ISBN 978-82-998304-2-3
- 50 år på sagbruk. 750 bilder fra et arbeidsliv 2010 ISBN 978-82-998304-0-9
- Stasjon og tog på Byglandsfjord før og nå 2009
- Fånefjell, Tjovhola og Årdalsknapen 2009 (både norsk og engelsk språk i boka)
- Blåner i det fjerne 2008
- Kjente og ukjente navn på Byglandsfjord 2008
- Hamregruva 2008
- Horga 2008
Kulturprisen
Reidar blei tildelt Bygland kommune sin kulturpris for 2018 under ei tilstelning på Landeskogen 17. mai 2018.
Kjelder
- Bokliste i Dei høgaste fjell og nutar langs båe sider av Otra
- Sigurd Haugsgjerd: -Ingen har fotografert arbeidsplassen sin. Artikkel i Setesdølen nr. 30, 2010 side 6
- Fødselsdato frå Setesdølen nr. 93, 2006 side 12
- Jan Olsen, Fortent heider til Reidar Tveito, artikkel i Setesdølen nr. 35, 2018, side 16