Hovet

Hovet er ein gard (gnr. 65) og ei lita grend i Hylestad, på austsida av Otra, i Valle kommune. Dei eldste bruka ligg på sletta nede ved elva. Fleire nyare bustader ligg oppover i bakkane i nordre delen av grenda.
Gardsgrensene
Grensene mot nabogarden Haugen er temmeleg innfløkte. «Det slår ein med ein gong at det to gardane i si tid har vore ein», skriv Alfred Ryningen i gards- og ættesoga for Hylestad. Bjørgum og Straume er nabogardar i sør. I aust går garden heilt inn til fylksgrensa mot Telemark. I nord ligg gardane i Valle. På vestsida renn Otra. På andre sida av elva ligg Nomeland.
Vegar
Frå Riksveg 9 på Nomeland går Fylkesveg 332 over Skagen bru fram til Hovet og Haugen. Lokalt heiter første delen av vegen Skagevegen. Gjennom Hovet og Haugen kallast han Hovetvegen. Frå Hovetvegen går ein skogsbilveg, Gjerdestøylvegen, om lag sju km innover i Hovsdalen til Gjerdestøyl.
Historie
Hovet må omfatte delar av den no bortkomne garden Hylje, som i si tid har gitt namn til heile soknet Hylestad.[1] Ein må rekne med at Hovet er ein gamal gard, kanskje mellom dei eldste i heile Valle. Det er funne ein beltering og ein nøkkel av bronse frå folkevandingstida (ca 400–600 e.Kr.) og andre funn frå vikingtida. Det er også fleire gravhaugar på garden sin grunn. Desse er tidfesta til ca 850–900. e.Kr. I 2007 gjorde Kulturhistorisk museum ei utgraving av delar av gravfeltet. Tre gravminne blei nærare undersøkt. Utgravinga gav ny kunnskap om gravskikken i yngre jernalder.[2]
Kjelder
- Alfred Ryningen, Valle kommune II Gards- og ættesoge Hylestad, utgjeve av Valle kommune, 1985, side 137–242
- Kart på nettsida til Statens Kartverk
Referansar
- ↑ Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 39
- ↑ Ole Kjos, Gravskikken i yngre jernalder, artikkel i Spor i Setesdalsjord, utgjeve av Aust-Agder fylkeskommune og Setesdalsmusèet, 2014, side 87–99