Sigmund Skomedal

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Sigmund SkomedalSymbol unrelated.svg
Født: 23. januar 1942 (77 år)

Sigmund Skomedal (fødd 23. januar 1942 på Skomedal i Bygland) var journalist i NRK. Han vaks opp på Evje og gjekk på Hornnes landsgymnas. Etter eit år i Seljord som vikarlærar begynte han på Kristiansand lærarskule. Då han var ferdig der, var han lærar på Åmli statsrealskule. Sidan hadde han ein periode som maskinseljar i Kvinesdal før han vart lærar i Lillesand. Midt på 1970-talet kom han til NRK Sørlandet og der vart han verande til han gjekk av med pensjon. Skomedal var ein mykje aktiv dugnadsleiar og dugnadsarbeidar under utbygginga av Flatebygd skianlegg frå 1989 til 1997.

På romjolsfesten til Setesdal SpelemannslagSylvartun i Hylestad jola 2015 blei Sigmund Skomedal utnemd til heidersmedlem i laget. Skomedal gjorde på 1970- og 1980-talet eit stort arbeid med å reise rundt i Setesdal og gjere lydbandopptak av spelemenn og kvedarar. Opptaka er no blitt ein viktig del av folkemusikkarkivet til Setesdalsmuseet og er der gjort tilgjengeleg for alle.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]