Lauvdal
Hopp til navigering
Hopp til søk
Lauvdal er ei grend ved riksveg 9 i Bygland, om lag seks km sør for Bygland kyrkje. Lauvdal ligg i sørhallet ned mot Byglandsfjorden og er eit prioritert kulturlandskap i kommunen. Området høver godt for landbruk, men det er bare att to aktive bønder i grenda. Lengst nord i Lauvdal ligg husmannsplassen Hagen, som Setesdalsmuseet eig.
Fornminne
Det er funne fleire fornminne i området, mellom anna ein spydspiss med sølvinnlegg. I området ved Øynesodden ligg det to gravrøyser. På Lauvdalsodden er det eit heilt felt med gravrøyser. Fem er rundhaugar. Den sjette, den største, er ein langhaug som er ca. 30 meter lang og dominerande i landskapet. I følge segna skal denne svære røysa ha blitt bygd som vern mot Olav den Heilage.
Eksterne lenker
- Om Lauvdal på Wikipedia på nynorsk
- Prioriterte kulturlandskap i Bygland 2006
- Husmannsplassen Hagen
- Geir Daasvatn sine bilete på Flickr frå husmannsplassen Hagen
- Frans-Arne H. Stylegard, Arkeologi i nord, artikkel på bloggen hans, dagsett 24. januar 2005