Loft (bygning)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
På bnr. 2 på Hegland står dette loftet, eller buret som mange seier i Bygland, utan svòli rundt andre høgda.

Loft (lopt) er nemninga som er brukt i Setesdal, frå Bygland og nordover, om bygningen som mange andre stadar i landet oftast kallast stabbur. Men loftet i Setesdal skil seg frå stabburet, ved at det under loftet som oftast er mura opp ei steinborg. Stabburet står etter regelen på fire stolpar.

Grunnplanet i lofta er nesten alltid tilnærma 4 X 4 meter. Då det ikkje skulle eldast i desse bygga, kunne ein bygge i to etasjar. Underetasjen er kalla bur og overetasjen loft. Rundt overetasjen er det ei svòl. Frå gamalt av gjekk svòli rundt alle fire sidene på loftet. Det er denne svòli som får overetasjen til å sjå større ut enn buret under.

Nokre loft er større enn standarden på 4 X 4 meter. Det største og mest kjende er Haugenloftet (Haugeburet) i Åraksbø. Det finst også einskilde loft med tre høgder, til dømes i Rygnestadtunet.

Bursdelen var til mat. Mest alt dei trong for vinteren vart lagt inn her; kornmat, kjøt og anna. Alt måtte vere musefritt så langt råd var.

Loftet var til klede. På vendene ‑ staurar som gjekk frå vegg til vegg oppunder taket ‑ hang stakkar, bukser og sengetøy. Slikt låg òg i dei mange kistene langs veggane. Mindre kledeplagg hadde dei oftast i esker, det same med sølvet. Loftet var dessutan sikraste staden å ha papir og gamle dokument, musefritt som det var og utan eldstad. Loftet var også ein sovestad.

I litteraturen

Professor i folkeminnevitskap Olav Bø har skildra lofta i Setesdal slik:

SitatDet var annleis med lofta. Dei skifte ikkje form på same måten. Funksjonen var mest uendra, med korn og annan mat i første høgda, og klede og opphaldsrom i andre. Lofta nådde tidleg ei form som var både funksjonell og vakker. Derfor gav det alltid status til ein gard å ha eit fint loft. Då skulle det vere bygt av grovt tømmer og helst ha utskjeringar av kunstnarleg kvalitet. Det var ei stor ære både for byggjar og eigar å kunne syne fram eit staseleg loft, og på den måten kom lofta til å stå for det beste i setesdalsk tømmermannskunst. Ettertida har då også visst å setje pris på bygningane.Sitat
– Olav Bø

Kjelder

Eksterne lenker