Horgeknipen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Horgeknipen.

Horgeknipen er ein karakteristisk rund fjelltopp på vestsida av Byglandsfjorden, på grensa mellom grendene Senum i Evje og Hornnes kommune og Horverak i Bygland kommune. Grenselina mellom kommunane skjer rett over toppen. Toppen ligg 400 moh. og ca 200 m over Byglandsfjorden. Mellom trea på toppen kan ein mot sør sjå mot Senum, og i vest og nord mot Byglandsfjord og Grendi.

Litt under sjølve toppen ligg restane etter ei bygdeborg frå folkevandringstida. Berre ei steinrøys å sjå til, men ein gong eit forsvarsverk frå tider då ein måtte verja seg og sine på eiga hand. Arkeologar meiner også at det har vore ei gravrøys oppe på dette fjellet. Det er ikkje sikkert det er nokon samanheng mellom borga og røysa, som like gjerne kan vere eldre som yngre enn borga.

Sjå også

Kjelder

Kart

Laster kart...