Bygland kyrkjelege fellesråd

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Årdal kyrkje.
Bygland kyrkje.
Sandnes kapell.
Siri Johannessen (2012)
Sandnes kyrkje.
Siri Johannessen (2011)
Austad kyrkje.

Bygland kyrkjelege fellesråd har to sokn, Bygland og Årdal, og er ein del av Otredal prosti i Agder og Telemark bispedøme. I det gamle Bygland prestegjeld var det tidlegare to sokn til, Austad og Sandnes sokn. Desse blei 1. juli 1997 slege saman med Bygland sokn. Rådet gjev ut Kyrkjebladet for Bygland fire gonger i året. Etter opprettinga av fellesrådet har ein biskop vore på visitas, Olav Skjevesland (29. oktober – 2. november 2003), og i visitasforedraget tala han vel om Bygland.

Fellesrådet har to soknekyrkjer, Årdal kyrkje i Grendi og Bygland kyrkje på Bygland, og tre andre vigsla bygg: Sandnes kapell, Sandnes kyrkjeÅraksbø og Austad kyrkjeTveit. Om vinteren nyttast Ose grendehus som kyrkjerom i staden for kyrkja på Tveit. Ved kvar av kyrkjene og kapellet er det ein kyrkjegard, i tillegg til desse kjem Austad gamle kyrkjegard på austsiden av Otra. Båe soknekyrkjene har historiske orgel, i Bygland kyrkje står det eit tysk Hollenbachorgel frå 1892 og i Årdal kyrkje eit engelsk orgel frå Henry Jones i London frå 1885.

Dagleg leiar for fellesrådet er Olav Nilsen, Eiliv Bjarne Lønningen er sokneprest og Hildegunn Richards organist. Anna Heggland er prostidiakon frå 2014, «ei å røast med», og ho kan nåast på telefon 91 382 835.

Fellesrådet sitt kontor ligg i Joker-bygget i Bygland sentrum og er ope tysdagar og torsdagar frå 9 til 15.

Aktivitetar vert gjort kjend i Kyrkjebladet for Bygland og Setesdølen.

Gudstenesteliste for januar til mars 2015[rediger]

Januar[rediger]

Februar[rediger]

Mars[rediger]


Kyrkjeverjer[rediger]

Sjå også[rediger]

Kjelder og eksterne lekkjer[rediger]